Wittenberg
Wittenberg | |||
by | |||
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche.
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Sachsen-Anhalt | ||
Region | Sachsen | ||
Landkreis | Wittenberg | ||
Høgd | 75 m | ||
Areal | 240,41 km² | ||
Folketal | 45 588 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 06886, 06888, 06889 | ||
Retningsnummer | 03491, 034920, 034928, 034929 | ||
Bilnummer | WB, GHC, JE | ||
![]() Wittenberg 51°52′02″N 12°38′54″E / 51.8671°N 12.6484°E | |||
Wikimedia Commons: Wittenberg |
Lutherstadt Wittenberg, er ein by i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt, liggjande ved Elben. Wittenberg har ei rekkje bygningar frå 1400- og 1500-talet. Byen vart éit av dei viktigaste sentera for tysk politikk, kunst og kultur på 1500-talet. Reformasjonen starta her i 1517 då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Martin Luther, Philipp Melanchthon og Lucas Cranach den eldre arbeidde her og Luther, Melanchton og Fredrik den vise er gravlagt i byen. Husa til Luther og Melanchton, bykyrkja og slottskyrkja er frå 1996 oppført på UNESCO si liste over kulturarv i verda som minnesmerke over Luther. Wittenberg var hovudstad i den saksiske Kurkreisen og residens for hertugane, seinare kurfyrstane av Sachsen-Wittenberg. Seinare vart byen òg sentrum for kjemisk industri og eit viktig jernbaneknutepunkt på strekningane Berlin-Leipzig og Magdeburg-Dresden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den eldste skriftlege dokumentasjonen der Wittenberg nemnt er frå omkring 1180; byen skal ha vorte grunnlagd av flamske kolonistar ved sida av ei borg.
Viktige årstal og datoar
[endre | endre wikiteksten]- 1293: Hertug Albrecht II av Sachsen-Wittenberg tildeler Wittenberg byrettar.
- 1486–1525: Fredrik den vise residerer i Wittenberg, byen vert mektigare
- 1502: Universitetet Leucorea grunnleggjast
- 1508: Martin Luther kjem til Wittenberg, og blir her teologiprofessor
- 31. oktober 1517: Martin Luther slår opp sine 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra til slottskyrkja, noko som markerer byrjinga på reformasjonen i Tyskland.
- 1518: Melanchthon blir professor (Praeceptor Germaniae)
- 1537: Renessansemaleren Lucas Cranach den eldre blir Wittenbergs borgarmeister.
- 1815: Wittenberg blir prøyssisk
- 1938: Wittenberg får offisielt tildelt tilnamnet Lutherstadt.
Kultur og attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Slottskyrkja vart bygd mellom 1490 og 1509, og det indre utsmykkinga er utført av Lucas Cranach den eldre og Albrecht Dürer. Etter at Martin Luther hadde slått opp tesane sine her, varte det inntil 1524 før det vart halde evangeliske gudstenester. Under sjuårskrigen vart slottskyrkja øydelagt og deretter gjenoppbygd.
Andre attraksjonar er kyrkja, marknadsplassen, Melanchthonhaus, Cranachuset, Hundertwasserskolen og Lutherhuset.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Statue av Luther på Marktplatz, rådhuset i bakgrunnen.
-
Slottskyrkja.
-
Del av Lutherhaus i Wittenberg.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Göttingen (Niedersachsen) sidan 1988
- Bretten (Baden-Württemberg) sidan 1990
- Springfield (Ohio) USA sidan 1995
- Békéscsaba (Ungarn) sidan 1999
- Haderslev (Danmark) sidan 2004
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |