Wizzard Brew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wizzard Brew
Studioalbum av Wizzard
Utgjeve 1973
Innspelt 1972-1973
Studio Phonogram Studios og EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 40:31
Selskap Harvest
Produsent Roy Wood
Wizzard-kronologi 
Wizzard Brew Introducing Eddy and the Falcons
(1974)


Wizzard Brew er debutalbumet til rockegruppa Wizzard, gjeve ut i 1973 på EMI sitt Harvest. Det nådde 29. plassen på UK Albums Chart.[2] I USA kom det ut på United Artists Records som Wizzard's Brew (med eit anna omslag), men kom ikkje inn på albumlista der.

I 2003 rangerte Mojo albumet på 18. plassen på lista si over «topp 50 eksentriske album».[3]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den originale utgjevinga kom med songtekstane på eine sida av omslaget og foto av bandet på den andre.[4] Det kom ut på ny på CD i 1999, men forsvann etter kort tid. Ei utvida, ommastra utgåve, med dei fire A- og B-sidene deira på den tida, kom ut på CD i november 2006.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Stephen Thomas Erlewine skreiv for AllMusic at han følte Roy Wood skilde mellom dei tilgjengelege singlane til Wizzard og «den verkelege kunsten» på Wizzard Brew og sa: «Roy Wood designa Wizzard sine singlar med lyttarvennlege knaggar. Den «ekte kunsten» vart sett til side for albuma ... eller i det minste er det inntrykket debuten deira, Wizzard Brew, etterlèt. Det er vanskeleg å seia kva ein skal gjera med Wizzard Brew, og det verkar desto merkelegare sidan det vart gjeve ut same år som fire jublande, glitrande popsinglar, alle bevisst utelate frå LP-en. Stilmessig er ikkje albumet så forskjellig frå hitane -- fire av dei seks songane er solid forankra i 50-tals rock & roll, medan dei to andre går attende til The Move på sitt mest sjølvmedvitne britisk -- men musikken høyrest ut som om han vart framført av eit anna band. På ein måte fortset Wizzard Brew der «Brontosaurus» slapp, sidan grunnlaget er tungt på gitarar og kompliserte riff, men det forklarer framleis ikkje det merkelege med albumet. Trass i sine Chuck Berry/Eddie Cochran-røter, speler plata som sonisk terrorisme -- ei bisarr blanding av boogieriff og gammaldags rock & roll, med spor av britisk psykedelia og varieté, alt filtrert gjennom rein kvit støy. Wizzard Brew er lett det mest støyande plata i si tid – komprimert, omarbeidd og nesten heilt flata ut. Det er mogleg at alt dette er eit resultat av eit studiouhell, men det kjennest ikkje slik. Støyen kjennest som ei kunstnarisk avgjerd, ein måte å pressa Wizzard si blanding av retrorock og kunst inn på ukjent territorium. Det er det motsette av ELO -- bevisst primitiv kunstrock. Berre to songar går inn på under fem minutt; resten slo lyttaren til underkasting med sine slåande riff, uhemma boogie og støy. Det etterlèt deg fortumla og meiningslaus, men ikkje nødvendigvis fornøgd.»[1]

Wood brukte mykje ringmodulasjon for å gje instrumenta ein skarp, forvrengd lyd. Kritikarane og fansen var middels nøgde.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Roy Wood, utanom der andre er nemnde.[1]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«You Can Dance Your Rock 'n' Roll»4:36
2.«Meet Me at the Jailhouse»13:30
3.«Jolly Cup of Tea»2:08
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Buffalo Station/Get On Down to Memphis»7:30
5.«Gotta Crush (About You)»3:37
6.«Wear a Fast Gun»9:10
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Ball Park Incident» (A-side) 3:42
8.«The Carlsberg Special (Pianos Demolished Phone 021 373 4472)» (B-side)Bill Hunt4:16
9.«See My Baby Jive» (A-side) 5:01
10.«Bend Over Beethoven»Hugh McDowell4:42
11.«Angel Fingers» (A-side) 4:39
12.«You Got the Jump on Me»Rick Price6:28
13.«Rob Roy's Nightmare (A Bit More H.A.)»Mike Burney3:47
14.«I Wish It Could Be Christmas Everyday ('A')» (A-side) 4:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 50
Storbritannia (Official Charts Company) 29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Stephen Thomas Erlewine. «Wizzard Brew - Wizzard, Wizzo Band : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. april 2022. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 608. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «Mojo - 100 greatest singles of all time». Muzieklijstjes.nl. Henta 18. april 2022. 
  4. Wizzard-Brew/image – via Discogs. 
  5. «Wizzard Brew - Wizzard, Wizzo Band : Credits». AllMusic. Henta 18. april 2022. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 342. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]