Hopp til innhald

Wobbe-indeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wobbe-indeks (IW) blir nytta til å samanlikne brennverdiane mellom ulike brennbare gassar,som naturgass, biogass og bygass. Dersom er øvre brennverdi, òg kalla den kalorimetriske brennverdi, og er spesifikk vekt, så er Wobbe-indeksen, , definert som

Wobbe-indeksen blir nytta især til å stille inn forbrenninga av gass i for eksempel gasskomfyrar. Dette er viktig for å oppnå ei optimal og fullstendig forbrenning. Dersom to brennstoff har identiske Wobbe-indeksar så vil energiproduksjonen vere den same for gitte trykk og ventilinnstillingar. Andre flammekarakteristikkar (brennsnøggleik, svovelinnhald etc.) kan likevel variere ved same Wobbe-indeks.

Ver merksam på kva einingar Wobbe-indeksen er gjeven i.

Wobbe-indeksen for nokre vanlege brenselgassar[1]

[endre | endre wikiteksten]
BrenselgassØvre indeks
Kcal/Sm3
Nedre indeks
Kcal/Sm3
Øvre indeks
MJ/Sm3
Nedre indeks
MJ/Sm3
Hydrogen11,5289,71548.2340.65
Metan12,73511,45253.2847.91
Etan16,29814,93168.1962.47
Etylen15,25314,34463.8260.01
Naturgass12,83711,59753.7148.52
Propan19,37617,81781.0774.54
Propylen18,41317,18077.0471.88
n-butan22,06620,33692.3285.08
Iso-butan21,98020,24791.9684.71
Butylen-121,14219,72888.4682.54
LPG20,75519,10686.8479.94
Acetylen14,65514,14161.3259.16
Karbonmonoksid3,0603,06012.8012.80
NB: 1 Joule = 2.3901×10−4 kcal.

For bygass ligg Wobbe-indeksen i området 22,5–30 MJ/Nm3

Referansar

[endre | endre wikiteksten]