Wojciech Fortuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wojciech Fortuna

Statsborgarskap Polen
Fødd 6. august 1952 (71 år)
Zakopane
Yrke skihoppar
Språk polsk
Wojciech Fortuna på Commons

Wojciech Fortuna (fødd 6. mars 1952) er ein polsk, tidlegare skihoppar frå Zakopane. Han vart olympisk meister i storbakken i 1972.

Fortuna hadde ein 18. plass som sin beste internasjonale prestasjon føre vinter-OL 1972 i Sapporo. Under olympiaden overraska han stort og vart nummer seks i normalbakken. Den store sensasjonen kom få dagar seinare, då han i storbakkerennet under dei same leikane i Sapporo hoppa 111 meter i fyrste omgangen og tok ei soleklar leiing. I andre omgangen landa han på moderate 87,5 m og fekk notert totalt 219,9 poeng. Fremste konkurrentane, Walter Steiner frå Sveits og austtyske Rainer Schmidt enda på høvesvis 219,8 og 219,3 poeng og måtte nøye seg med sølv og bronse.

Fortuna sin beste prestasjon utanom olympiaden var ein tiandeplass; i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1973. Han slutta som aktiv skihoppar i 1975.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar