Wojciech Jaruzelski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wojciech Jaruzelski

Fødd6. juli 1923
Kurów
Død25. mai 2014 (90 år)
Statsborgar avPolen
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedAkademia Sztabu Generalnego
MorWanda Jaruzelska
FarWładysław Jaruzelski
EktefelleBarbara Jaruzelska
BarnMonika Jaruzelska
MedlemSociety of Fighters for Freedom and Democracy
Alle verv
  • Polens president (1989–1990)
  • Polens statsminister (1981–1985)
  • poseł na Sejm Polskiej Rzeczypospolitej Ludowej Sjå dette på Wikidata

Wojciech Witold Jaruzelski (6. juli 192325. mai 2014) var ein polsk general og politikar som var statsminister i Polen frå 1981 til 1985, og president 1989-90.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jaruzelski vart fødd Kurów i Lublin-voivodskapet. Ved byrjinga av andre verdskrigen flykta Jaruzelski-familien til Litauen den 15. september 1939. Etter Sovjetunionen tok over det austlege Polen vart han og familien deporterte til Sibir. Der arbeidde han i skogbruket. Her skadde han synet, noko som gjorde at han sidan brukte mørke briller. I Sibir vart han utdanna til offiser av det sovjetiske militæret, etter faren var død. Han deltok i andre verdskrigen frå 1943 til -45.

I 1960 vart Jaruzelski sjef for den politiske avdeling i den polske hæren. Fem år seinare vart han sjef for generalstaben og frå 1968 forsvarsminister i landet. Sidan 1971 var han medlem av politbyrået i det polske kommunistpartiet (PKP). Den 18. oktober 1981 vart han vald til generalsekretær i PKP. Gjennom statskuppet den 13. desember 1981 tok han også over posisjonen som statsminister og ordførar i WRONA (Militært råd for nasjonalt forsvar; i realiteten ein styrande junta).

Som generalsekretær i kommunistpartiet innførte Jaruzelski unntakstilstand den 13. desember 1981. Unntakstilstanden var eit svar på den faglege og politiske kampen som fagorganisjonen Solidaritet førte, men også for å hindre at Sovjetunionen skulle kome til å invadere Polen, noko polakkane omtala som ein «lagnad verre enn døden». Jaruzelski leia kommunistpartiet fram til 1989. Frå 19. juli 1989 var han Polens president fram til 21. desember 1990, då han valde å gå av etter auka trykk i folket. Den 31. januar 1991 forlet han hæren.

Både i 2006 og 2007 vart han påklaga for brot mot lover i den tidlegare folkerepublikken Polen, saker som ikkje kom til doms grunna den dårlege helsa til Jaruzelski.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wojciech Jaruzelski

Kjelder[endre | endre wikiteksten]