Wojciech Nowicki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wojciech Nowicki


Wojciech Nowicki saman med trenaren sin

Statsborgarskap Polen
Fødd 22. februar 1989 (35 år)
Białystok
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – Sleggekast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Sleggekast menn

Utmerkingar

Fortjenstkorset i sølv, offiser av Ordenen Polonia Restituta

Wojciech Nowicki (fødd 22. februar 1989) er ein polsk friidrettsutøvar frå Białystok som i 2018 vart europameister og 2021 olympisk meister i sleggjekasting. Han har elles vunne bronsemedaljen i øvinga i tre verdsmeisterskap; 2015, 2017 og 2019, samt i EM i friidrett 2016 og Sommar-OL 2016. Han sette personleg rekord med 82,52 meter då han i 2021 vann sleggjetevlinga under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nowicki sette våren 2015 personbeste med 78,71 m under eit stemne heime i Białystok. Tre månader seinare kasta han nesten like langt i VM-finalen 2015 og fekk bronsemedaljen. Året etter vart han bronsemedaljør i så vel europameisterskapen som i Sommar-OL. Sommaren 2017 forbetra han den personlege rekorden til 80,47 m heime i Białystok, for så å vinne endå ein bronsemedalje under verdsmeisterskapen 2017 i London. 2. juli 2018 flytta Nowicki den personlege rekorden til 81,85 meter. Vel ein månad seinare vart han europameister i Berlin. Frå Doha-verdsmeisterskapen 2019 reiste han heim med si femte internasjonale bronsemedalje, hans tredje VM-bronse i rad. Høgdepunktet for Nowicki kom då han i den tredje omgangen av OL-finalen i Tokyo 4. august 2021 presterte livsbeste med eit kast på 82,52 meter. Dermed vart han olympiske meister, norske Eivind Henriksen vart nummer 2 med 81,58 m i sluttprotokollen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]