Wolfgang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Wolfgang er eit gammalt tysk mannsnamn. Det kjem frå Wolfsgänger, ei nemning brukt om dei to ulvane til guden Wotan (svarte til Odin) og kanskje òg om krigarar som kledde seg i dyreskinn.

Namnet blei lite brukt i mellomalderen; av namn som byrja med Wolf- var Wolfhart og Wolfram betre likt. Men bruken tok seg opp i Bayern på grunn av den heilage biskopen Wolfgang av Regensburg. Utanfor sør-Tyskland er berre Wolfgang Amadeus Mozart og Johann Wolfgang von Goethe kjende berarar av namnet; men kanskje på grunn av desse er det no eit nokså velbrukt namn i Tyskland.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]