Wolfgang Hanisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Hanisch

Bundesarchiv Bild 183-S0702-0025, Wolfgang Hanisch.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 6. mars 1951
Großkorbetha
Idrett friidrett
Yrke spydkaster

Wolfgang Hanisch (fødd 6. mars 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Großkorbetha i Sachsen-Anhalt som representerte Aust-Tyskland. Han vann i tida 1971-80 fire medaljar i spjutkasting i internasjonale meisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hanisch sette personleg rekord med 84,38 m sommaren 1971, men det kom svært overraskande at han i august skulle ta bronsemedaljen ved EM i Helsinki med eit kast på 84,22 m. I den neste europameisterskapen, i Roma i 1974, overraska han på ny og vann sølvmedaljen med ny personbeste på 85,46 m, over 4 meter bakom vinnaren, favoritten Hannu Siitonen frå Finland, norske Terje Thorslund tok bronsen.

I 1978 flytta Hanisch den personlege rekorden med fleire meter, fyrst i Halle i mai til 89,06 m. Midt i juni passerte han 90-metersgrensa då han med sine 90,32 m vann eit stemne i Aust-Berlin. Sitt livs lengste kast presterte Hanisch då han vann spjut-tevlinga i Världsspelen i Helsinki den 28. juni. Spjutet hans landa på 91,14 meter, også andremann i tevlinga, norske Bjørn Grimnes gjorde sitt livs lengste kast med 88,32 m[1] . Under EM i Praha to månader seinare vann Hanisch EM-medalje for tredje gong i rad, ein bronsemedalje 16 cm bak Nikolaj Grebnev frå Sovjetunionen og halvannan meter unna vinnarkastet til vesttyske Michael Wessing.

Hanisch vart bestemann i spjutkast då verdscupen for landslag 1979 fann stad i Montreal i Canada, vinnarkastet målte 86,48 meter. Litt lengre kasta han under dei olympiske sommarleikane 1980, 86,72 m heldt til bronse.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]