Wolfgang Klafki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Klafki
Wolfgang Klafki.jpg
Fødd 1. september 1927
Węgorzewo
Død

24. august 2016
Marburg

Yrke universitetslærar, faglitterær forfattar
Wolfgang Klafki på Commons

Wolfgang Klafki (fødd 1. september 1927 i Angerburg i Austpreussen) er ein tysk pedagog og didaktikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Klafki er utdanna lærar ved den pedagogiske høgskulen i Hannover og arbeidde som grunnskulelærar frå 1948 til 1952. Han studerte i Göttingen med Erich Weniger og i Bonn med Theodor Litt, begge tyske danningspedagogar. Frå 1963–1992 var han professor ved Universitetet i Marburg.

Didaktisk teori[endre | endre wikiteksten]

Klafkis didaktiske teori er ein teori om danning og skuleverksemda som ein danningsprosess. Han kalla teorien ein kategorial danningsteori og ein kritisk-konstruktiv didaktikk. Han skil mellom formale (lære å argumentere, lære å lære o.l. ) og materiale danningsteoriar (lære noko) og har argumentert for at begge er nødvendige. Kategorial danningsteori handlar om at undervisning og læring må skje i samsvar med grunnleggjande kategoriar i lærestoffet og hjå eleven. Grunnleggjande kategoriar hjå eleven er definert ut frå teori i humanistisk filosofi om at alle menneske deler felles interesse og praksisfelt (t.d. etisk, politisk, økonomisk, pedagogisk, estetisk og religiøst/livssynsbasert).

Arbeidet med kategoriane krev at ein grunngjev utvalet av lærestoffet i skulen. Utvalsprinsippa skal sjå på det elementære (det prinsipielt viktige i eit emne), det fundamentale (det som opnar eleven for sin eigen humanitet) og det eksemplariske, dømet må vere representative døme innanfor ein kategori.

Klakfi opererer med fem didaktiske grunnspørsmål (didaktisk analyse) som alle lærarar må stille i planlegginga av undervisninga:

  1. Eksemplarisk rolle: kva er dette døme på, kva kan elevane gjere med det dei skal lære, kva for allment problem, innsikt, kunnskap eller dugleik som kategori gjev dette?
  2. Samtidsrelevans: Kva tyder lærestoffet for elevane i dag, kva rolle tenkjer ein at det skal spele i livet deira, kva for meining gjev det?
  3. Framtidsrelevans: Korleis vil elevane sjå på lærestoffet seinare, kva for rolle kan lærestoffet ha for elevane i morgon?
  4. Innhaldsstruktur: Kva er dei overordna nøklene, prinsippa eller strukturen i lærestoffet for meg, og kva er det for elevane?
  5. Tilgjengelegdom: Korleis gjer eg stoffet tilgjengeleg for elevane, kva er det som gjer dette interessant, kva i stoffet kan eg utnytte slik at det blir mogeleg å skjøne?

Seinare la han til eit nytt punkt: 6. Vurdering: er det mogleg å vurdere om elevane når læringsmåla, korleis skal ein gjere det og kva for rolle spelar dette for planlegginga?

Klafki vart av kritisk sosiologi under studentopprøret kritisert for å vere borgarleg og konservativ. Han tok dette til seg og svarte med å innføre ein kritisk dimensjon ved tenkinga si, og kalla teorien sin for kritisk-konstruktiv.

Han har òg studert såkalla epokale nøkkelproblem, dvs. grunnleggjande utfordringar som mennesket i dag og i morgon står overfor. Nøkkelproblema han peika på var (Klafki (2001, s. 73ff): fred og miljø, sosial urett og ulikskap, nye digitale kontroll- og kommunikasjonsmedium, eksistensielle tilhøve mellom menneske, samt spørsmål om religion og religiøsitet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kritisch-konstruktive Pädagogik. Herkunft und Zukunft. I: Eierdanz, Jürgen / Kremer, Armin (red.): Weder erwartet noch gewollt – Kritische Erziehungswissenschaft und Pädagogik in der Bundesrepublik Deutschland zur Zeit des kalten Krieges. Baltmannsweiler 2000, s. 152–178.
  • Allgemeinbildung in der Grundschule und der Bildungsauftrag des Sachunterrichts. In: Lauterbach, R. (red.): Brennpunkte des Sachunterrichts. Kiel 1992, S. 11–31.
  • Klafki, Wolfgang [m. fl.]: Schulnahe Curriculumentwicklung und Handlungsforschung im Marburger Grundschulprojekt. Weinheim 1982
  • Schlüsselprobleme, epochaltypische. I: Kaiser, Astrid rRed.): Lexikon Sachunterricht. Baltmannsweiler 1997.
  • med Gunter Otto, Wolfgang Schulz: Didaktik und Praxis. Weinheim 1979.
  • Aspekte kritisch-konstruktiver Erziehungswissenschaft. Weinheim 1976.
  • Das pädagogische Problem des Elementaren und die Theorie der kategorialen Bildung. Weinheim 1964 (4).
  • Klafki, Wolfgang [m. fl.]: Funkkolleg Erziehungswissenschaft, 3 bind., Weinheim 1971.
  • Didaktische Analyse als Kern der Unterrichtsvorbereitung. I: Die deutsche Schule. Klafki. 1958, H. 10, S. 450–471.
  • Neue Studien zur Bildungstheorie und Didaktik. Weinheim 1985.
  • Pestalozzis „Stanser Brief“. Weinheim 1969.
  • Selbstständiges Lernen muss gelernt werden! I: Stübig, Frauke (red.): Selbstständiges Lernen in der Schule. Kassel 2003, s. 19–57.
  • Erziehung – Humanität – Demokratie. Erziehungswissenschaft und Schule an der Wende zum 21. Jahrhundert.[a]
  • Wege pädagogischen Denkens. Ein autobiographischer und erziehungswissenschaftlicher Dialog. W. Klafki og K.-H. Braun. München 2007. 215 S.

* Ulike danske omsetjingar

  • Klafki, W. (2001). Dannelsesteori og didaktik. Nye studier. Århus: Klim.[b]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]