Wolfgang Overath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Overath
Finale wereldkampioenschap voetbal 1974 in Munchen, West Duitsland tegen Nederla, Bestanddeelnr 927-3080.jpg
Wolfgang Overath til venstre, saman med Gerd Müller etter VM-finalen 1974 i München
Fødd 29. september 1943
Siegburg
Yrke fotballspelar
Wolfgang Overath på Commons

Wolfgang Overath (fødd 29. september 1943) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Siegburg som spelte 81 landskampar på Vest-Tyskland, og i 14 år på FC Köln, hans einaste proffklubb. Overath vart verdsmeister i 1974, og vann dessutan VM-sølv og VM-bronse med Vest-Tyskland. Med FC Köln vart han vesttysk seriemeister i 1964, og cupmeister 1968 og 1977.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Overath spelte på den heimlege amatørklubben Siegburg før han sommaren 1963 fekk kontrakt med FC Köln, ein klubb han spelte på til han la opp i 1977. Allereie i sin fyrste sesong på laget opplevde han høgdepunktet då Köln vann Bundesliga. Overath vart snøgt den leiande spelaren på laget, der han tok rolla som spel-leggjar på midtbana. I 1968 førte han Köln til siger i den vesttyske cupen, ein triumf laget kopierte våren 1977, i Overath sin siste kamp før han plasserte fotballskorne på hylla.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Overath debuterte på landslaget 28. september 1963. Før fotball-VM 1966 tok til i England i juli 1966, hadde han spelt 16 landskampar, vennskapskampar alle, unnateke to. I verdsmeisterskapen spelte han alle seks kampane, også den historiske finalen mot vertslandet der det måtte ekstraomgangar til for å kåre ein meister; England vann 4-2. Også under VM i fotball 1970 i Mexico spelte Overath alle seks kampane. Han skåra det einaste og avgjerande målet i bronsekampen mot Uruguay. Den 22. juni 1971 opna Overath skåringsfesten då Vest-Tyskland feia Noregs landslag av Ullevaal stadion med 7-1, Odd Iversen skåra eit trøstemål i det 88. minutt.

Overath vart vraka frå midtbaneplassen då Vest-Tyskland spelte seg fram til EM-tittel i 1972. Den tyske landslagssjefen valde i staden Günter Netzer til «Spielführer», då erfaringar med å ha begge på bana samstundes ikkje hadde fungert etter føremålet. Under VM i fotball 1974 var Overath derimot tilbake i den sentrale rolla på den vesttyske midtbana. Han spelte alle sju kampane i meisterskaps-turneringa og skåra to mål. Med VM-sigeren 2-1 over Nederland på olympiastadion i München den 7. juli 1974, avslutta han landslagskarrieren etter 81 kampar og 17 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1966 med Vest-Tyskland
  • VM-bronse: 1970 med Vest-Tyskland
  • Bundesliga-meister: 1964 med FC Köln
  • Vesttysk cupfinalevinnar: 1968 og 1977 med FC Köln

Leiar[endre | endre wikiteksten]

Overath var 2004-11 styreformann i FC Köln.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]