Wolfgang Rolff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wolfgang Rolff

Wolfgang Dieter Rolff (fødd 26. desember 1959) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar. Han var ein energisk midtbanespelar, størst suksess som spelar hadde han med Hamburger SV og Bayer Leverkusen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Han spelte for sju ulike klubbar i heimlandet i tida 1979-96, og for franske RC Strasbourg. Lengst tenestetid hadde han 1982-86 i Hamburger SV, 1986-89 i Bayer Leverkusen og 1991-94 i Karlsruher SC. Med Hamburg var han våren 1983 med om å vinne den vesttyske bundesligaen og finalen i europacupen. Fem år seinare førte han som kaptein Bayer Leverkusen til triumf i UEFA-cupen. Ettersom finalen mot Espanyol enda 3–3, vart oppgjeret avgjort med straffeskyting. Rolff skåra Leverkusens fyrste mål i ei tevling som enda med 3-2 til det vesttyske mannskapet.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten i februar 1983 deltok Rolff i 37 kampar for Vest-Tyskland fram til august 1989. Han representerte landet både i Fotball-EM 1984, VM i fotball 1986 og Fotball-EM 1988. Under verdsmeisterskapen i Mexico spelte han to kampar, mellom anna i den berykta semifinalen mot Frankrike. Han kom aldri på skåringslista.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Rolff var trenar for Werder Bremen-mannskapet som i 2008 vann DFB-pokalen og året etter tok seg til finalen i UEFA-cupen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


{{Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986]]