Wollemia
Utsjånad
| Wollemia | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrike: | Pteridobiotina |
| Overrekkje: | Cycadophytanae |
| Rekkje: | Bartre Pinophyta |
| Klasse: | Pinopsida |
| Orden: | Furuordenen Pinales |
| Familie: | Kranstrefamilien Araucariaceae |
| Slekt: | Wollemia W.G.Jones, K.D.Hill & J.M.Allen, 1995 |
Wollemia er ei planteslekt som berre omfattar den nolevande arten Wollemia nobilis.
Namnet stammar frå Wollemi National Park i New South Wales i Australia der planteslekta først blei oppdaga i 1994.[1]
Slekta er plassert i kranstrefamilien etter samanlikning med både nolevande og fossile artar i denne familien. Det finst mange fossil som liknar og kanskje er nærskylde artar. Desse fossila har ein hittil berre funne i Australia, New Zealand og Antarktis, men Wollemia nobilis er den einaste kjende nolevande arten i slekta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Wollemia nobilis: The Australian Botanic Garden, Mount Annan - April». Royal Botanic Garden, Sydney. Arkivert frå originalen 19. oktober 2015. Henta 30. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Wollemia» frå Wikipedia på dansk, den 8. desember 2020.