Wollert Konow (H)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Wollert Konow (fleirtyding).
Wollert Konow

Fødd24. mai 1847
Bergen
Død25. oktober 1932 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, bonde, jurist
FarAugust Konow
Alle verv

Wollert Konow (24. mai 184725. oktober 1932) var ein norsk politikar og gardbrukar. Han vart fødd i Bergen, men flytta seinare til Hedmark fylke.

Frå 1882 var Konow gardbrukar på Tjerne i Ringsaker. Han sat som stortingsrepresentant i fleire periodar. Frå 1891 til 1893 var han statsråd og sjef for Indredepartementet i Johannes Steen si 1. regjering. Frå 1900 til 1903 var han landbruksminister i Johannes Steen si 2. regjering og Otto Blehr si 1. regjering.

Konow representerte Venstre på Stortinget frå 1886 til 1891 og frå 1895 til 1918. Frå 1919 til 1921 var han stortingsrepresentant for Landmandspartiet, og frå 1922 til 1924 for Frisinnede Venstre.

Wollert Konow representerte Hedemarkens amtStortinget, det seinare Hedmark fylke. I politisk samanheng vert han ofte referert til som Wollert Konow (H), der H-en står for «Hedemarken». Bokstaven vert sett til for å skilja han frå fetteren, politikaren Wollert Konow (SB).