Wollert Konow (1779–1839)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Wollert Konow (fleirtyding).
Wollert Konow (1779–1839)
Fødd 8. november 1779
Bergen
Død

3. oktober 1839
Venezia

Yrke politikar, forretningsdrivande

Wollert Konow (8. november 17793. oktober 1839) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen.

Konow var son var kjøpmannen Friedrich Ludwig Konow (1746–98) og Anna Hedvig Rieck (1756–1810) og bror av August og Thomas Konow. Han gifta seg med Cecilie Catharina Krogh (1777–1821) i 1800.

Wollert Konow arbeidde for faren med eksport, men verksemda gjekk konkurs då faren døydde. Med hjelp frå agenten Wollert D. Krohn starta han og broren August verksemda Konow & Co., som blei det største firmaet på Vestlandet innan fiskeeksport og kornimport. Landet dreiv omfattande utanrikshandel og hadde store skipsfartsinteresser og omfattande bankierverksemd.

Konow var stortingsmann for Bergen 1815–16 og 1827–28. Han døydde i Venezia.

Han var far til Carl Konow (1806–76) og farfar til Harald Georg Christian Konow (1841–83), Wollert Konow (S.B.) (1845–1924) og Wollert Konow (H.) (1847–1932).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]