Wollert Konow (1809–1881)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Wollert Konow (fleirtyding).
Wollert Konow
Fødd16. juli 1809
Død9. september 1881
Statsborgar avNoreg
Yrkeskribent, politikar
FarWollert Konow
BarnWollert Konow, Harald Konow

Wollert Konow (16. juli 18099. september 1881) var ein norsk gardbrukar, forfattar og stortingsmann.

Konow var født i Bergen. Han tok graden Dr.philos. i Göttingen i 1835. I 1839 gifta han seg med Maria Louise Oehlenschläger (1818–1910), dottera til diktaren Adam Oehlenschläger. I 1854 kom han inn på Stortinget for Søndre Bergenhus Amt.

Konow skreiv mellom anna Skizzer fra Italien (1839), dramaet Manfred (1840) og Danmark i dets forhold til Tyskland og den Skandinaviske halvøe. Af en nordmand (2 bd., 1849–50).

Sonen Wollert Konow blei norsk statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]