Wolviston

Koordinatar: 54°37′0″N 1°17′0″W / 54.61667°N 1.28333°W / 54.61667; -1.28333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wolviston

Plassering
Wolviston is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap County Durham
Distrikt Stockton-on-Tees
Geografi
Koordinatar 54°37′0″N 1°17′0″W / 54.61667°N 1.28333°W / 54.61667; -1.28333
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: Wolviston

Wolviston er ein landsby og eit civil parish (sivilt sokn) nord i England. Han ligg i Stockton-on-Tees borough i County Durham. Folketalet i distriktet ved folketeljinga i 2011 var 877.[1] Wolviston ligg nord for Billingham.

Namnet stammar frå angelsaksisk tid. Ifølgje Victor Watts stammar det frå Wulfestun, eller Wulf sitt land, og var dermed namn på ein tidleg landeigar.[2] Andre lokalhistorikarar har merka seg at det fanst ein lokal stormann som heitte Wolvis i angelsaksisk tid som budde i nærleiken, og meiner han kan ha vore opphav til namnet.

Wolviston ligg nær Wynyard Hall, som historisk var familiesetet Londonderry-dynastiet. Denne familien åtte fleire gruver og ei hamn i County Durham. Den noverande Wynyard Hall blei bygd i 1848, og hadde fleire kongelege besøk dei neste hundre åra.

St. Peter's Parish Church i Wolviston

Lansbyen har to pubar, Wellington Inn og The Ship. Landsbyen har også ein tradisjonell village green og ein andedam. Den lokale kyrkja er vigd sankt Peter. Krigsminnesmerket i landsbyen minnar drepne frå Wolviston i begge verdskrigane.

Wolviston har godt vegsamband til Stockton-on-Tees, Middlesbrough og resten av Nordaust-England. Opphavleg gjekk hovudvegen A19 gjennom landsbyen, men på 1970-talet blei det bygd ei omkøyring i aust og på 1980-talet ei ny omkøyring i vest etter at den opphavlege omkøyringa blei plaga av mykje kø. Også A689 pleide gå gjennom landsbyen, men blei erstatta av ei omkøyring i nord på 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Civil Parish population 2011». Arkivert frå originalen 29. mars 2017. Henta 2. februar 2016. 
  2. Watts, Victor. A Dictionary of County Durham Place-Names. English Place-Name Society, Nottingham, 2002. ISBN 0-904889-65-3