Wonderful Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wonderful Land
Singel av The Shadows
B-side «Stars Fell on Stockton» (Welch, Harris, Marvin, Bennett)
Utgjeve Februar 1962
Sjanger Instrumental Rock
Lengd 2:08
Selskap Columbia Graphophone Company DB 4790[1]
Låtskrivar(ar) Jerry Lordan[1]
Produsent Norrie Paramor[1]
The Shadows-kronologi
«The Savage»
(1961)
Wonderful Land «Guitar Tango»
(1962)


«Wonderful Land» er ein instrumental skriven av Jerry Lordan og spelt inn og gjeven ut på singel av The Shadows i 1962. Instrumentalen låg på toppen av den britiske singellista i åtte veker.[2]

Lordan hadde tidlegare skrive den særs populære «Apache» for The Shadows i 1960, og «Wonderful Land» vart spelt inn i mai 1961 av den originale besetninga til The Shadows med Hank Marvin, Bruce Welch, Jet Harris og Tony Meehan. Strykarane vart lagt til seinare av produsenten Norrie Paramor. Då songen kom ut hadde Tony Meehan slutta i gruppa og vart blitt erstatta av Brian Bennett, som var medlåtskrivar på B-sida, «Stars Fell on Stockton». Gruppa var i ein overgangsperiode, og då songen låg på toppen av lista hadde Jet Harris slutta og blitt erstatta av Brian Locking.[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalen vart gjeven ut i februar 1962 og nådde toppen av den britiske singellista, der han låg dei neste åtte vekene,[1] noko berre The Archies, Shadows & Elvis Presley klarte gjennom heile 1960-åra - inkludert alle singlane The Beatles hadde på toppen av lista.[3] Songen kom òg i USA på Atlantic Records, men gjekk ikkje inn på Billboard Top 100.

Liste
(1962)
Plassering
UK Singles Chart [4] 1
Australia 2
Belgia (W) 13
Tyskland 23
India 9
Irish Singles Chart 1
Israel 1
Italia 12
Nederland 2
New Zealand 1
Noreg 2
Sør-Afrika 1
Sverige 6

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Wonderful Land» er blitt spelt av mange andre artistar, som Mike Oldfield, Mark Knopfler og Tony Iommi. Iommi sin versjon kom ut på Twang!: A Tribute to Hank Marvin & the Shadows.

Mike Oldfield-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Wonderful Land
Singel av Mike Oldfield
frå albumet QE2
B-side Sheba
Utgjeve 28. november 1980
Innspelt Denham, 1980
Selskap Virgin Records
Låtskrivar(ar) Jerry Lordan
Produsent Mike Oldfield
David Hentschel
Mike Oldfield-kronologi
Arrival
(1980)
Wonderful Land The Singles
(1981)


Den engelske musikaren Mike Oldfield spelte inn «Wonderful Land» i 1980 på albumet QE2. Versjonen hans kom ut på singel med «Sheba» som B-side i somme land, medan sidene på singelen i andre land var snudd. The Shadows spelte seinare inn Oldfield-songen «Moonlight Shadow».

I musikkvideoen til «Wonderful Land» spelar Oldfield ei rekkje forskjellige instrument, mellom fiolin.[5]

Hank Marvin- og Mark Knopfler-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Dei to gitaristane Hank Marvin (frå The Shadows) og Mark Knopfler (frå Dire Straits) spelte inn ein versjon av «Wonderful Land» i 1993 på albumet Heartbeat, produsert av Jeff Lynne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 64–5. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 135–6. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «Number 1 Singles of the 1960-åra». EveryHit. Henta 29. juni 2020. 
  4. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 27. januar 2019. 
  5. «I don't know whether I'll do something musically incredible in the next years». Quico Balay - La Voz de Galicia (Tubular.net). 30. september 2005. Henta 29. juni 2020. 

Mal:The Shadows