Worcester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen i England. For byen i USA, sjå Worcester i USA.

Worcester

Katedralen i Worcester
Katedralen i Worcester
Katedralen i Worcester
Plassering
Worcester is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Worcestershire
Distrikt Sameint styresmakt
Geografi
Flatevidd
 - By

33,28 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

102 997
  3 094,9 /km²
Koordinatar 52°11′″N 2°13′″WKoordinatar: 52°11′″N 2°13′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer WR1–WR5
Telefon-retningsnummer 01905
Nettstad: www.worcester.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Worcester

Worcester er er ein by i England. Han er administrasjonsby i det grevskapet Worcestershire. Byen har eit folketal på 93600 (2003). Elva Severn renn gjennom bysentrum, der byens store katedral ligg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden har vore busett sidan yngre steinalder. Ein landsby med festningsverk vart bygd på austbreidda av Severn omkring år 400 f.Kr.

Slaget ved Worcester fann stad 3. september 1651. Karl II gjekk då i strid for å gjenvinne kongsmakta. Styrken hans vart nedkjempa vest og sør for byen, nær landsbyen Powick. Etter å ha blitt slegen, returnerte Karl til hovedkvarteret før han flykta til Shropshire og sidan Frankrike.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit variert næringsliv. Seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet var Worcester eit viktig senter for framstilling av hanskar, dette har vore i sterk tilakegong. Porselensfabrikken 'Royal Worcester' ligg i byen, og utanfor bysentrum ligg verksemda som lagar byens mest kjende produkt, Worcestershiresaus.

I Worcester kjem ut det ein hevdar er verdas eldste dagsavis, Berrow's Worcester Journal. Publikasjonen reknar eit nyheitsbrev frå 1690 som tid for grunnlegginga. Byen har også stor detaljhandel, med fleire store kjøpesenter.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Worcester ligg 'University of Worcester', som fekk universitetsstatus i 2005. Tidlegare var lærestaden kjend som UCW (University College Worcester) og 'Worcester Institute of Higher Education'.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Tredjekvart år går musikkstemnet Three Choirs Festival av stabelen i Worcester. Tradisjonen skriv seg frå 1700-talet, og det vert hevda at musikkfestivalen er den eldste i Europa. Arrangementet går på rundgang mellom katedralbyane Gloucester, Hereford og Worcester. Worcester arrangerte festivalen sist i august 2008. Komponisten Edward Elgar er den best kjende personen frå Worcester. Far hans dreiv ei musikkforretning i High Street, der det i dag står ei statue av Elgar. Elgar vart fødd like utanfor Worcester, i landsbyen Broadheath.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Turistinformasjon[endre | endre wikiteksten]