Hopp til innhald

Worcester i Massachusetts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worcester
by
Sentrum i Worcester med rådhuset (1898) til høgre.
Flagg
Kallenamn: The City of the Seven Hills, The Heart of the Commonwealth, Wormtown, Woo-town, The Woo
Land  USA
Stat Massachusetts
County Worcester County
Høgd 146 m
Areal 99,573291 km²
Folketal 206 518 (1. april 2020)[1]
Grunnlagd 1673
Tidssone Eastern (UTC-5)
 •  Sommartid Eastern (UTC-4)
Postnummer 01601–01610, 01612–01615, 01653–01655
Retningsnummer 508, 774
Kart
Worcester i USA
42°16′17″N 71°47′56″W / 42.271388888889°N 71.798888888889°W / 42.271388888889; -71.798888888889
Wikimedia Commons: Worcester, Massachusetts

Worcester er ein by i Worcester County i Massachusetts i USA ved Blackstone River. Han er kalla opp etter Worcester i England og har litt over 200 000 innbyggjarar og den nest største byen i New England.

Worcester ligg om lag 64 km vest for Boston. Byen er kjend som ein mølleby. Byen har maskin- metall-, våpen-, tekstil- og papirindustri, samt framstilling av ler- og glasprodukt. Han er sete for Clark University, som vart grunnlagd i 1887, og har fleire høgskular og museum.

Byen var eit viktig senter for motstanden mot slavehald på 1800-talet. Ein årleg musikkfestival, som har eksistert sidan 1858, vert halden her kvar oktober.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Worcester i Massachusetts
Reiseguide for Worcester (Massachusetts) frå Wikivoyage