WorldCat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo

WorldCat («Verdskatalogen») er ein felleskatalog, ein database, over boksamlingane og samlingane av anna materiale (som til dømes grammofonplater, kassettband, CD-plater, videofilmar og dataspel) til om lag 72 000 bibliotek i 170 land og område som tek del i Online Computer Library Center (OCLC),[1] ei biblioteksverksemd utan profittføremål som har hovudsete i Dublin i Ohio i USA og fleire lokalkontor kringom i verda. WorldCat er bygd opp og vert administrert kollektivt av dei biblioteka som er med i dette samarbeidet, som samstundes får tilgang til heile denne databasen, og ei særs stor samling av forskingsresultat. I desember 2017 inneheldt WorldCat over 400 millionar bibliografiske innføringar frå 491 språk. Dei representerte over 2,6 milliardar fysiske og digitale bibliotekobjet.[1]

OCLC blei grunnlagd i 1967 under Fred Kilgour sin leiarskap.[2] Same året byrja OCLC å utvikla katalogiseringsteknologien som skulle bli til WorldCat. Dei fyrste innføringane i katalogen blei lagde inn i 1971.[2][3]

Innføringane i WorldCat vert berre synkronisert med periodevise mellomrom med dei einskilde biblioteka sine katalogar, ikkje dagleg eller samstundes. WorldCat syner dessutan berre det materialet, ein særskild bok eller ein artikkel, som er eigd av det eller dei særskilde biblioteka, ikkje kvar i dei ulike biblioteket materialet er å finne, om materialet er utlånt, utleigd, tapt eller flytta til ein annan stad. Svar på slike førespurnader krev særskilde søk. WorldCat syner heller ikkje om eit bibliotek eig fleire eksemplar av ei særskild bok eller ein særskild artikkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Inside WorldCat». Online Computer Library Center. Henta 11. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 Margalit Fox (2. august 2006). «Frederick G. Kilgour, Innovative Librarian, Dies at 92». The New York Times. Henta 2009-12-22. Frederick G. Kilgour, a distinguished librarian who nearly 40 years ago transformed a consortium of Ohio libraries into what is now the largest library cooperative in the world, making the catalogs of thousands of libraries around the globe instantly accessible to far-flung patrons, died on Monday in Chapel Hill, N.C. He was 92. 
  3. «A brief history of WorldCat». oclc.org. 10. februar 2015. Henta 13. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]