World Area Forecast Center

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

World Area Forecast Centre (WAFC, «Varslingssenter for verda») er eit meteorologisk senter som til ei kvar tid sender ut meteorologisk informasjon til bruk innan luftfart. ICAO (International Civil Aviation Organisation) har oversyn med utsendingane for å oppfylle reglane som er naudsynte for å kunne fly. Rolla til WAFC er å gje meteorologiske meldingar for heile verda som pilotane nyttar under briefane sine. Dei er vanlegvis ein del av informasjonsbulletinane før ei flyreise (PIB).

WAFC gjev informasjon om forskjellige data, som OPMET-informasjon, T4-plott (som for tida er forelda, men som framleis vert distribuert på grunn av lovmessige årsaker), og GRIB- og BUFR-plott - desse er vind- og temperaturkart og SIGWX-plott («Signifikant vêrkart»).

Det finst berre to slike senter, som begge jobbar slik at dei kan ta over den andre sine oppgåver om ein av dei skulle feile. Desse er britiske Met Office i Exeter og amerikanske NOAA i Washington. Kvar av desse systema har sitt eige satellittbaserte kringkastingssystem for å distribuere data til flyplassar over heile verda. Britiske Met Office sitt system heiter SADIS (SAtellite DIstribution System) og dekkjer hovudsakleg Europa, Asia, Indiahavet og Afrika. Amerikanske NOAA sitt system heiter ISCS (International Satellite Communications System) og dekkjer hovudsakleg Amerika og Stillehavet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]