World Touring Car Championship

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

World Touring Car Championship (WTCC) er ein internasjonalt meisterskap for såkalla touringbilar (standardbilar på norsk) som vert regulert av Det internasjonale bilsportforbundet (FIA). Serien er eigentleg ei vidareføring av European Touring Car Championship som vart lagt ned i 2005.

Serien hadde sin første meisterskap i 1987, men på grunn av for høge kostnader vart det berre éin sesong.

I 2001 vart ETCC igjen styrt av FIA. Og etter interesse frå bilprodusentane, vart serien omdøypt til dagens WTCC i starten av 2005-sesongen. Serien vert rekna som den tredje viktigaste meisterskapen som vert regulert av FIA, etter Formel 1 og the World Rally Championship.

Serien vert køyrd på 12 forskjellige banar på fire kontinent verda rundt. Bilprodusantene BMW, Honda, Seat og Chevrolet deltek med eit ulikt tal bilar kvar. Tidlegare køyrde også Alfa Romeo, men dei la opp etter 2007-sesongen.

WTCC-sirkuset tar òg ein tur innom Skandinavia. Sidan 2007 har det vore arrangert løp på Scandinavian Raceway i Anderstorp i Sverige.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: World Touring Car Championship