Worldscale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Worldscale er eit felles system for fraktrater for lasta til ein oljetankar. Worldscale vart skipa i november 1952 av London Tanker Brokers’ Panel etter førespurnad frå British Petroleum og Shell for å få ein gjennomsnittleg totaltkostnad på frakt av olje frå ei hamn til ei anna ved hjelp av skip. Resultatet vart ein stor tabell.

Den same skalaen vert nytta i dag, men vart slått saman med American Tanker Rate Schedule (ATRS) i 1969. I 2002 omfatta tabellen gjennomsnittskostnaden for 320 000 reiser med forskjellige kombinasjonar av ei last og ei utløpshamn til fem laster og ti utløpshamner. Worldscale vert produsert av Worldscale Association (NYC) Inc. for Amerika og Worldscale Association (London) Ltd. for resten av verda. Frakta for eit gjeve skip og reise vert normalt uttrykkt i prosent av den publiserte raten og er meint å reflektere etterspurnaden på fraktmarknaden på tida då prisen vart fastsett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Worldscale» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2020.
  • Evangelista, Joe (2002). «WS50» (PDF). Surveyor (Houston: American Bureau of Shipping) (Winter 2002): 10–11. 
  • Huber, Mark (2001). Tanker operations: a handbook for the person-in-charge (PIC). Cambridge, MD: Cornell Maritime Press. ISBN 0-87033-528-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]