Would You Believe?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Would You Believe?
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve 1. juni 1966
Innspelt 14. september 1965 – 25. mars 1966 i Abbey Road Studios i London
Sjanger
Lengd 29:26
Selskap Parlophone PMC 7008 (Mono)
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
Hollies
(1965)
Would You Believe? For Certain Because
(1966)


Would You Believe? er det fjerde studioalbumet til The Hollies og kom ut i 1966.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det inneheld ein versjon av Simon and Garfunkel sin «I Am a Rock» og var eit teikn på at bandet hadde utvikla seg i retning av den gryande folkrock-bølgja. Men Would You Believe inneheld òg coverversjonar av Buddy Holly sin «Take Your Time» og Chuck Berry sin «Sweet Little Sixteen», og i 1966 var coverversjonar av R&B- og bluessongar blitt umoderne.

Eit anna teikn på at bandet var i endring på Would You Believe var Evie Sands-songen «I Can't Let Go», som vart ein stor hit for bandet.

Songane som bandet skreiv sjølv (under pseudonymet «Ransford») vert rekna som dei meir progressive songane på albumet: «Hard Hard Year», «Oriental Sadness», «Fifi the Flea» og «I've Got a Way of my Own». «Fifi» vart spelt inn av The Everly Brothers på albumet Two Yanks in England i 1966 og hadde ein tekst som var uvanleg for bandet. «Oriental Sadness» består av asiatisk-liknande akkordar og «Hard Hard Year» og «I've Got a Way of My Own» (som tidlegare var gjeven ut som B-side til «If I Needed Someone») er begge folk-aktig valsar.

Dette var det siste Hollies-albumet med den originale bassisten Eric Haydock, som tok ein pause etter ein amerikansk turné, og fekk ikkje med seg den neste singelen «Bus Stop», og så anten slutta heilt eller fekk sparken då han møtte opp att.[1]

Både stereo- og monomiksane av Would You Believe? vart digitalt remastera i Abbey Road Studios av Peter Mew i mars 1998. I Storbritannia kom begge utgåvene ut på same CD.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane som er krediterte til «Ransford» er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«I Take What I Want»David Porter, Mabon «Teenie» Hodges, Isaac HayesClarke2:15
2.«Hard Hard Year»RansfordClarke2:13
3.«That's How Strong My Love Is»Roosevelt JamisonClarke2:42
4.«Sweet Little Sixteen»Chuck BerryClarke2:21
5.«Oriental Sadness»RansfordClarke and Nash2:37
6.«I Am a Rock»Paul SimonClarke2:48
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
7.«Take Your Time»Buddy Holly, Norman PettyClarke2:18
8.«Don't You Even Care»Clint Ballard jr.Clarke2:27
9.«Fifi the Flea»RansfordNash2:05
10.«Stewball»Bob Yellin, Ralph Rinzler, John HeraldClarke, Nash, and Hicks3:05
11.«I've Got a Way of My Own»RansfordClarke and Nash2:12
12.«I Can't Let Go»Chip Taylor, Al GorgoniClarke and Nash2:26

Amerikansk utgåve (Beat Group!)[endre | endre wikiteksten]

Beat Group!
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve Mai 1966 (US)
6. juni 1966 (Canada)
Innspelt 1963–1966
Sjanger
Lengd 25:31
Selskap Imperial LP-9312/12312 (US)
Capitol (D)T-6152 (Canada)
Produsent Ron Richards
Amerikansk The Hollies-kronologi 
Hear! Here!
(1965)
Beat Group! Bus Stop
(1966)
Kanadisk The Hollies-kronologi
In The Hollies Style
(1965)
Beat Group! Bus Stop
(1966)


Det tredje albumet til The Hollies i USA kom ut under tittelen Beat Group! ein månad før Would You Believe? kom ut i Storbritannia. I Canada gav Capitol albumet namn etter ein av singlane, «I Can't Let Go»/«Look Through Any Window», og kom ut 6. juni 1966.

På den amerikanske versjonen vart den nye innspelinga «Running Through the Night» (den britiske B-sida til «I Can't Let Go») og «A Taste of Honey» i tillegg til ei innspeling frå 1963, «Mr. Moonlight», med på albumet, mdan coverlåtane «Stewball», «Sweet Little Sixteen» og «I Am a Rock», og den originale «I've Got a Way of My Own» vart fjerna. Den kanadiske versjonen var liknande, utanom at «Stewball» og singelen «Look Through Any Window» (som kom ut på det amerikanske albumet Hear! Here!) òg var med på albumet og «Don't You Even Care» og «Mr. Moonlight» (som hadde vore med på den kanadiske Stay with The Hollies) vart fjerna.

Fleire av songane frå Would You Believe? som ikkje kom med på dette albumet, vart gjevne ut på det neste amerikanske albumet, Bus Stop, som kom ut i 1966. Versjonen av «A Taste of Honey» på dette albumet vart spelt inn for Would You Believe?, men fjerna frå albumet i Storbritannia. Ein ny versjon av denne songen frå 1968 kom ut i platebooksen The Long Road Home.

Innhald på amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side 1

  1. «I Can't Let Go»
  2. «That's How Strong My Love Is»"
  3. «Running Through the Night» (L. Ransford)
  4. «Oriental Sadness (She'll Never Trust in Anybody No More)»
  5. «A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow)
  6. «Mr. Moonlight» (Roy Lee Johnson)

Side 2

  1. «Don't You Even Care»
  2. «Hard, Hard Year»
  3. «Take Your Time»
  4. «Fifi the Flea»
  5. «I Take What I Want»

Innhald på kanadisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side 1

  1. «That's How Strong My Love Is»"
  2. «Stewball»
  3. «Take Your Time»
  4. «Running Through the Night» (L. Ransford)
  5. «Fifi the Flea»
  6. «Look Through Any Window» (Graham Gouldman, Charles Silverman)

Side 2

  1. «A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow)
  2. «Hard, Hard Year»
  3. «I Take What I Want»
  4. «Oriental Sadness (She'll Never Trust in Anybody No More)»
  5. «I Can't Let Go»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sacking Row over Hollie Haydock», New Musical Express, 29. juli 1966.
  2. Would You Believe? (CD). The Hollies. EMI Records. 1998. 7243-4-95150-2-4.