Wrecking Ball av Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wrecking Ball
Studioalbum av Emmylou Harris
Utgjeve 26. september 1995
Innspelt New Orleans, 1995
Sjanger Countryrock, folkrock, alternativ country, countryfolk
Lengd 53:05
Selskap Elektra
Produsent Daniel Lanois
Emmylou Harris-kronologi
Cowgirl's Prayer
(1993)
Wrecking Ball Spyboy
(1998)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Chicago Tribune3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Christgau's Consumer GuideB[3]
Entertainment WeeklyA−[4]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Irish Times5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Los Angeles Times3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Uncut9/10[10]

Wrecking Ball er det attande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut 26. september 1995 på Elektra Records. Harris gjekk her bort frå den tradisjonelle akustiske stilen hennar, og samarbeidde med Daniel Lanois (mest kjend for produksjonsarbeidet med U2) og lydteknikaren Mark Howard.[11] Albumet hadde ei atmosfærisk kjensle med gjesteartistar som Steve Earle, Larry Mullen jr., Kate & Anna McGarrigle, Lucinda Williams og Neil Young, som skreiv tittelsporet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songutvala hennar alltid hadde vore eklektisk, vart dette albuemt rekna som ein avstikkar. Harris, som no var blitt 48 år gammal, hadde blitt ei slags eldre statskvinne innan country. Albumet fekk god kritikk nesten over alt, og mange kritikarar tok det med på listene sine over dei beste albuma som kom ut det året. Det tok karrieren til Harris i ei noko anna retning framover der ho gjekk for ein noko røffare stil enn tidlegare. Som eit karrieredefinerande album vart Wrecking Ball samanlikna med Marianne Faithfull sitt Broken English frå 1979 og Johnny Cash sitt American Recordings. Wrecking Ball vann Grammyprisen i 1996 for beste moderne folkealbum.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Harris spelte Neil Young-songen «Wrecking Ball», med harmonivokal av Young sjølv.[12] Sjølv om songen kom ut på ein 2-spors CD-singel i lag med Lucinda Williams-songen «Sweet Old World», rekna ikkje kritikarane denne songen som høgdepunktet på albumet.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Where Will I Be?» (med Daniel Lanois)Daniel Lanois4:15
2.«Goodbye»Steve Earle4:53
3.«All My Tears»Julie Miller3:42
4.«Wrecking Ball»Neil Young4:49
5.«Goin' Back to Harlan»Anna McGarrigle4:51
6.«Deeper Well»David Olney, Lanois4:19
7.«Every Grain of Sand»Bob Dylan3:56
8.«Sweet Old World»Lucinda Williams5:06
9.«May This Be Love» (med Daniel Lanois)Jimi Hendrix4:45
10.«Orphan Girl»Gillian Welch3:15
11.«Blackhawk»Daniel Lanois4:28
12.«Waltz Across Texas Tonight»Rodney Crowell, Emmylou Harris4:46
Total lengd:53:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1995 Billboard 200 94
1995 UK Albums Chart 46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason. «Wrecking Ball – Emmylou Harris». AllMusic. Henta 21. november 2020. 
  2. Dretzka, Gary (2. november 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball (Elektra)». Chicago Tribune. 
  3. Christgau, Robert (2000). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». Christgau's Consumer Guide: Albums of the '90s. St. Martin's Griffin. ISBN 0-312-24560-2. Henta 21. november 2020. 
  4. Nash, Alanna (29. september 1995). «Wrecking Ball». Entertainment Weekly. Henta 21. november 2020. 
  5. Sweeting, Adam (29. september 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball (Grapevine)». The Guardian. 
  6. Breen, Joe (11. april 2014). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». The Irish Times. Henta 21. november 2020. 
  7. Cromelin, Richard (24. september 1995). «Emmylou Harris 'Wrecking Ball' Elektra/Asylum». Los Angeles Times. Henta 18. november 2020. 
  8. Richardson, Susan (16. november 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. august 2009. Henta 5. august 2009. 
  9. Coleman, Mark; Kemp, Mark (2004). «Emmylou Harris». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 365–67. ISBN 0-7432-0169-8. 
  10. Mueller, Andrew (24. april 2014). «Emmylou Harris – Wrecking Ball». Uncut. Arkivert frå originalen 3. august 2018. Henta 21. november 2020. 
  11. Hurst, Jack (7. november 1995). «Harris' Saving Grace May Be Her Difference». Chicago Tribune. Henta 12. mai 2011. 
  12. The Journal of Country Music 1996 Volume 18 - Page 11 «One can hear that same sort of ache, an almost primordial loneliness, running through the whole of Wrecking Ball, her Grammy-winning current album. Having drawn on the catalogs of Earle, Neil Young, Lucinda Williams, Bob Dylan, and ...»
  13. CD Review Volume 12, Issues 1-9 - Page 13 1995.