Wrexham County Borough
| Wrexham County Borough | |||
| Bwrdeistref Sirol Wrecsam | |||
| distrikt | |||
Elva Dee, Pontcysyllte Aqueduct og Cefn Mawr viaduct i Wrexham. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Konstituerande land | |||
| Adm.senter | Wrexham | ||
| Areal | 503,7739 km² | ||
| Folketal | 136 126 (2018)[1] | ||
![]() Wrexham grevskapsdistrikt 53°03′03″N 3°00′34″W / 53.0507°N 3.0094°W | |||
| Wikimedia Commons: Wrexham County Borough | |||
Wrexham County Borough (walisisk Bwrdeistref Sirol Wrecsam) er eit hovudområde i Nordaust-Wales. Det dekker delar av det tradisjonelle grevskapet Denbighshire og nokre delar som er overført frå Flintshire: Maelor Saesneg og Marford.
Wrexham County Borough vart oppretta 1. april 1996. Det meste av området høyrte då til distriktet Wrexham Maelor, medan nokre få område vart tekne frå Glyndwr. I 2022 fekk distriktet status som city av dronninga.[2]
Distriktet har namn etter administrasjonsbyen Wrexham. Andre busetnader er Gwersylt, Ruabon og Chirk. Det ligg to viktige mellomalderborge i Wrexham: Chirk Castle, som no er eit herskapshus, og Holt, som er i ruinar. Pontcysyllte-akvedukten som fører Llangollen-kanalen over elva Dee er ein verna bygning og ein del av verdsarva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/populationandmigration/populationestimates/datasets/populationestimatesforukenglandandwalesscotlandandnorthernireland.
- ↑ «Crown Office | The Gazette». www.thegazette.co.uk. Henta 5. september 2022. «THE QUEEN has been pleased by Letters Patent under the Great Seal of the Realm dated 1 September 2022 to ordain that the County Borough of Wrexham shall have the status of a City.»
- Denne artikkelen bygger på «Wrexham (grevskapsdistrikt)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2009.
