Hopp til innhald

Wrs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wrs

Fødd16. januar 1993 (31 år)
FødestadBuzău
AliasWRS, Andrei Ursu
OpphavRomania
Aktiv2015–
Sjangerelektropop
PlateselskapGlobal Records
Verka somsongar, dansar, låtskrivar

Andrei Ionuț Ursu (fødd 16. januar 1993 i Buzău i Romania) er ein rumensk dansar, songar og låtskrivar. Han er best kjend under artistnamnet Wrs (uttalt ors). Før han byrja som artist, jobba han som dansar for kjende artistar som Inna, Antonia og Carla's Dreams. Han var også med på fleire tv-sende rumenske talentshow som Vocea României og Românii au talent.[1] I januar 2020 signerte han med Global Records og starta elektropop-prosjektet under artistnamnet Wrs.[2] Han representerte Romania i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Llámame».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ursu vart fødd i byen Buzău i Romania 16. januar 1993. Han byrja å danse som 12-åring, inspirert av foreldra som begge var folkedansarar.[3][4]

Ursu byrja musikkarrieren i 2015 som del av gutegruppa Shot.[2] To år etter forlet han gruppa og flytta til London og byrja å skrive musikk.[2] I januar 2020 debuterte han under artistnamnet Wrs, som ein uttalar Ors, tilsvarande førsteleddet av etternamnet hans Ursu. Debutlåten «Why» har passert over 1,2 millionar syningar på YouTube og over 400 000 avspelingar på Spotify.[1][5] Han har også hatt suksess med oppfølgjarsinglane «Amore» (med İlkan Günüç) og «Tsunami», som toppa hitlistene i Romania og Bulgaria.[5]

I februar 2022 gav Wrs ut den engelsk- og spanskspråklege låten «Llámame». Låten vart plukka ut til å delta i songtevlinga Selecţia Naţională, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Han vann finalen laurdag 5. mars 2022 og fekk dimed representere Romania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6][7] Der enda han som nummer 18 av 25.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2022: Mandala[9]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste listeplassering Album
ROM
[10]
BUL
[11]
«Why»[12] 2020 Ikkje frå album
«No Weight»[13]
«Hadi»[14]
«La răsărit»[15]
«All Alone»[16]
«Amore»[17]
(med İlkan Günüç)
2021 25
«Maui»[18]
(med Killa Fonic)
«Tsunami»[19] 81 6
«Leah»[20]
(med Iraida)
Mandala
«La Luna»[21] 2022
«Dalia»[22]
«Don't Rush»[23]
«Llámame»[24] 3
«Lily»
«» markerer at songen ikkje nådde hitlisten eller vart gjeven ut i det aktuelle området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Un site de muzică». www.unsitedemuzica.ro. Henta 5. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Wrs lansează „Llámame”, piesa înscrisă în competiția națională de la Eurovision». VIRGIN RADIO ROMANIA (på rumensk). 10. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  3. «Cine este WRS, solistul de la Eurovision care a fost mai întâi dansator. A colaborat cu Antonia şi Ruby». click.ro (på rumensk). Henta 5. mars 2022. 
  4. Pons, Miguel, «Meet WRS, Romania representative in Eurovision 2022», ESCplus (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  5. 5,0 5,1 Popescu, Elena (14. februar 2022). «Cine este WRS, artistul care a lansat piesa ”Dalia”. Vezi care este numele real al cântărețului». WOWBiz (på rumensk). Henta 5. mars 2022. 
  6. «Romania: WRS to Eurovision 2022 with 'Llámame' 🇷🇴». Eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 5. mars 2022. 
  7. Grace, Emily (5. mars 2022). «🇷🇴 Romania: WRS to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 5. mars 2022. 
  8. «WRS - Romania - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  9. «Mandala - EP by wrs» (på engelsk). 31. mars 2022. Henta 19. juni 2022. 
  10. For listeplasseringar i Romania:
  11. «Prophon – Charts» (på engelsk). Prophon. Henta 24. februar 2022. 
  12. «Why - Single by wrs». Apple Music. Henta 17. januar 2020. 
  13. «No weight - Single by wrs». Apple Music. Henta 3. april 2020. 
  14. «Hadi - Single by wrs». Apple Music. Henta 22. mai 2020. 
  15. «La rasarit - Single by wrs». Apple Music. Henta 24. juli 2020. 
  16. «All Alone - Single by wrs». Apple Music. Henta 5. november 2020. 
  17. «Amore - Single by wrs & Ilkan Gunuc». Apple Music. Henta 14. mai 2021. 
  18. «Maui - Single by wrs & Killa Fonic». Apple Music. Henta 4. juni 2021. 
  19. «Tsunami - Single by wrs». Apple Music. Henta 30. september 2021. 
  20. «Leah - Single by wrs & IRAIDA». Apple Music. Henta 15. desember 2021. 
  21. «La Luna - Single by wrs». Apple Music. Henta 6. januar 2022. 
  22. «Dalia - Single by wrs». Apple Music. Henta 20. januar 2022. 
  23. «Don't Rush - Single by wrs». Apple Music. Henta 10. februar 2022. 
  24. «Llámame - Single by wrs». Apple Music. Henta 10. februar 2022.