Wulfsbergs gate 11 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wulfsbergs gate 11

Kart
Wulfsbergs gate 11 i Moss
59°26′09″N 10°40′08″E / 59.435958930556°N 10.668796394444°E / 59.435958930556; 10.668796394444

Wulfsbergs gate 11 er ein verna bygning i Moss kommune. Det er i dag ein 3-mannsbustad som består av tre etasjar der kvar etasje er ei leilegheit. Huset har òg ein kjellar.

Bygningen er framleis budd i, men er verna av kulturminnelova som vil seia at den har vorte eit kulturminne. Ein går ut frå at huset brann ned i bybrannen 6. juli 1881. I 1882 vart det bygd opp igjen i pussa teglstein som følgje av ein murtvang innført i heile Moss sentrum etter bybrannen, og det står framleis i dag som det gjorde den gongen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wulfsbergs gate er oppkalla etter Gregers Winther Wulfsberg (26.10.1780–23.09.1846). Han var embetsmann og politikar, og er mest kjent i Moss som representanten i byen til Riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814. Der foreslo han vedtaket om at to brør eller far og son ikkje skal kunna sitja i regjering samtidig. Tidlegare heitte gateløpet Søndre Bjerg og Nordre Bjerg, før namnet Wulfsbergsgate vart bestemt i 1907.[1] Det er uvisst kor stor skade bybrannen den 6. juli 1881 skadde huset, men ein kan slå fast at det vart skadd nok til at ein måtte bygga eit nytt i 1882.[2] Bybrannen i 1881 medførte òg at ein innvilga murtvang, som gjorde at det nye huset vart bygd i teglstein. I 1893 var Wulfsbergsgate 11 eit av dei husa i Moss som fekk innlagt vassforsyning.[3] Huset fekk straum på starten av 1900-talet, noko som var veldig tidleg med tanke på at Moss fekk straum 1883, noko som også kan tyda på at dei menneska som budde i huset hadde mykje pengar.[4] Huset inneheldt 2 etasjar og var delt inn i 3 leilegheiter. I 1. etasjen var det ei leilegheit, og der budde som regel dei som eigde huset. I 2. etasjen var det to leilegheiter, og der budde det to familiar som leigde. Leiga var på 16,00 kr for den eine leilegheita og 14,50 kr for den andre.[5] Huset har bytt husnummer ein del, før det enda på nummer 11. Opp igjennom tidene har huset bytt eigarar mange gonger, og husa endå fleire familiar. Dessverre veit vi ikkje så mykje om huset før bybrannen, og kan derfor berre tenka oss nokon tankar om korleis det var på den tida. Vi har derimot funne nokre tidlegare eigarar som eigde det gamle huset, og som har vorte skrivne om under Beboere/Eiere. Opp igjennom tidene har fleire einskildmenneske eigd huset, men i 1992 vart huset i Wulfsbergs gate 11 brukte som lagerplass for Furuhuset Møbler. Same året hadde Tyrkisk Forening gitt inn bod på 850 000 kr for å gjera om dette huset til ein moské.[6]

Husets estetikk før og nå[endre | endre wikiteksten]

Huset består av 3 etasjar, og er bygget av teglstein. Teglstein blir framstilt av leire som blir tørka eller brunnen i omnar. Teglstein blir i dag kalla murstein. Huset vart ganske tidleg pussa ned slik at det har ein hvit-aktig farge. Frå tidleg av, rundt bygningen av huset blir det antatt at huset var likt som nabohuset (Wulfsbergs gate 13), men at det altså i seinare tid har vorte pussa ned. Det at teglstein er nytta tyder på ein god økonomi då dette var dyrt på den tida.

Bebuarar/eigarar[endre | endre wikiteksten]

Johannes Simensen eigde bygget i 1841 og hadde matrikkelnummer 166. Ein kan gå ut frå at huset då var bygd i treverk, sidan dette føregår før bybrannen.

Hendrik Johannessen var eigaren av Søndre Bergstræde 166 og budde der saman med kona Hendrijete Fredrike, dei to døtrene Konstanse og Hanna og sonen Axel. Samtidig leigde han ut dei to andre leilegheitene til to andre familiar.

I avisa Moss Tilskuer stod det oppført i 1900 at eigaren Joh. Caspersen selde Wulfsbergsgate 2 til gartnaren Lagerqvist for 9.500 kr.[7]

Carl August Lagerqvist (1860-08-27) budde i huset under folketeljinga i 1910 og i 1927, men han kan ha budd der før og etter denne perioden òg. På denne tida var adressa i huset Wulfsbergsgate 2. Der budde han saman med kona si Hannah Marie, og deira tre barn. Den eldste, Karl (1886), var oppkalla etter faren sin, dottera, Marie Louise (1889), var oppkalla etter mora si og mormor, Louise Hansen. Til slutt kom yngste sonen, Hendry (1896). Carl var handelsgartnar, altså ein velståande mann, og eigde huset. Under folketeljinga i 1900 var det i tillegg til familien oppført ei tenestejente, Helene Kristensen, og ein lærling, Even Evensen.[8] Under folketeljinga i 1910 står ikkje dottera, Hannah Marie, eller eldste sonen, Karl, oppført.[9] Dette kan tyda på at dei har flytta ut i løpet av desse 10 åra. I avisa Moss Avis står det oppført 27. april 1932 at handelsgartnar Lagerqvist har døydd.[10]

Olav Gran var lærlingen til Lagerqvist, og han tok sannsynlegvis over bedrifta etter at Lagerqvist døydde. Ifølgje branntakstane frå 1932 til 1942 budde han òg der i 1939.[11]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Bolin, Fredrik Th (25. februar 2020). «Gregers Winther Wulfsberg». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Skanna materiale: SAO, Norges brannkasse, branntakster Moss, F/Fa/L0016: Branntakstprotokoll, 1932-1942 - Skanna arkiver - Arkivverket», media.digitalarkivet.no, henta 8. september 2020 
  3. «Moss 1893 Vannforsyning», www.mosshistorielag.no, henta 8. september 2020 
  4. «Moss Lysverker – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 8. september 2020 
  5. «0060 Wulfsbergsgate 2 - 003 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 8. september 2020 
  6. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  7. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  8. «01 - 0009 Wulfsbergs gade 2 - 004 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 8. september 2020 
  9. «01 - 0060 Wulfsbergsgate 2 - 003 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 8. september 2020 
  10. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 8. september 2020 
  11. «Skanna materiale: SAO, Norges brannkasse, branntakster Moss, F/Fa/L0016: Branntakstprotokoll, 1932-1942 - Skanna arkiver - Arkivverket», media.digitalarkivet.no, henta 8. september 2020