Wulfsbergs gate 13 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wulfsbergs gate 13
Wulfsbergs gate 13.jpg

Wulfsbergs gate 13 i Moss
59°26′9″ N 10°40′8″ E

Wulfsbergs gate 13 er ein bustadeigedom som ligg i Wulfsbergs gate ved Moss sentrum.

Bygninga er eit kulturminne (ID 231546-0), og vart verna etter Plan- og bygningsloven i 2018. Huset er bevaringsverdig fordi det høyrer til ein del av det historiske miljøet ved Christian Augusts plass/Basartaket.[1][2] Wulfsbergs gate heitte tidligare Søndre Bjerg, men i 1907 vart gata kalla opp etter Gregers Winther Wulfsberg[3] som representerte Moss i den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll våren 1814.[4] Bygninga brann ned i bybrannen i 1881, og vart bygd opp igjen i 1883.[1]

Huset i kulturhistorisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

Bilde av sidefløy.

Brann i 1881[endre | endre wikiteksten]

Huset brann ned i ein bybrann ved Søndre Bjerg i Moss, som herja byen den 6. juli 1881.[5] Huset vart oppført på nytt 2 år seinare i 1883.[1] Wulfsbergs gate fekk Assurancesum på 610.000 kroner etter brannen.[6] I 1893 fekk Wulfsbergs gate innlagt vassforsyning, dvs. tilgang til vatn.[7]

Byggemetode[endre | endre wikiteksten]

På grunn av bybrannen vart det innført murtvang, altså at nye hus skulle byggjast i murstein.[8] Huset blei derfor bygd av teglstein, eit keramisk materiale som blir framstilt ved brenning av leire. Kva byggemateriale ein hadde brukt til huset før brannen er ukjend. Huset har same byggestil som Basarbygningen ved Kongens gate, etter mønster av basaren ved Youngstorget i Christiania frå 1878.[9] I 1920 blei det òg tilbygd ei sidefløy, og huset fekk rektangulær form.[1] I 2020 bestod huset av 2 etasjar og 3 leileigheiter.

Husnummer[endre | endre wikiteksten]

Huset har bytt husnummer fleire gonger gjennom 1800-1900-talet. Rundt år 1800 hadde bygningen matrikkelnummer 108, men ikkje noko er registrert. I 1841, 40 år før brannen, heitte huset Søndre Bjerg 164 (matrikkel nr. 164),[10] og bytte til Wulfsbergs gade 1 (matrikkel nr. 1) i 1889.[11] Huset fekk ikkje gatenamn Wulfsbergs gate 13 (matrikkel nr. 13) før omkring året 1959. Wulfsbergs gate 13 har gards/bruk nummer 2/2388.[12]

Tvangsauksjon[endre | endre wikiteksten]

Måndag den 26. juni 1967 vart det halde ein tvangsauksjon over eigedommen Wulfsbergs gate 13 på sorenskrivarkontoret i Moss. Tvangsauksjon vart spurd av Statens Landbruksbank i Oslo. Til slutt vart huset selt for 12.000 kroner, fordi eigaren gjekk konkurs.[13]

Gregers Winther Wulfsberg[endre | endre wikiteksten]

Gregers Winther Wulfsberg (f. 26 oktober 1780) var embetsmann og politikar. Frå 1811 var han byfut i Moss, og seinare amtmann i 1931. Wulfsberg både representerte Moss i den grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll våren 1814, og var i tillegg ein stortingsrepresentant i fleire år. Han eigde store delar av byen, med Søndre Bjerg (Wulfsbergs gate) inkludert, og var ein av dei rikaste personane i Moss. Wulfsbergs gate vart oppkalla etter han i 1907. Gregers Winther Wulfsberg er gravlagt på Moss kyrkjegard.[14]

Bebuarar i kulturhistorisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Anders Pedersen (f. 1815) var ein murersvend frå Borge Sogn.[15] Han hadde ei inntekt på 1.200 kroner.[16] Anders eigde Søndre Bjerg 164 frå omkring 1865 fram til han døydde før brannen i 1881, sannsynlegvis på grunn av alder. Han var gift med Marthe Marie Gundersdatter, og dei hadde 5-6 barn.[15] Marthe Marie Pedersen (f. 1820) vart enke etter Anders død og fekk eigarskap over huset.[17] Huset vart etter kvart kjøpt av Ludvig Jansen.[18]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Ludvig Jansen (f. 18. juli 1879)[19] var ein auksjonarius frå Kristiania.[20][21] Ludvig eigde Wulfsbergs gade 1 før han selde huset til Sverre Andersen i 1936.[18] Han var gift med Kristine Jansen (f. 13. september 1878) og dei hadde fleire barn.[20] Ludvig Jansen døydde 3. oktober 1933 etter eit par månaders sjukdom.[21]

Sverre Andersen (f. 8. september 1895)[22] budde ved Wulfsbergs gade 1 / gate 13 og jobba hos Peterson og Søn i over 50 år.[23][24] Kona hans heitte Dagny Andersen (f. 17. oktober 1897) og dei hadde 3 barn.[25] Sverre Andersen gjekk konkurs, og huset måtte bli tvangsauksjonert i 1967.[13]

Inghild Hansgården budde òg på Wulfsbergs gate 13 i 1973.[26] Inghild var ein ordinær person så om henne veit vi lite om, bortsett frå at ho hadde ein familiemedlem i Moss, Dag Finn Hansgården (f. 9. februar 1956), som døydde 22. november 1987.[27]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 9. september 2020 
  2. «Prins Christian Augusts plass – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 13. september 2020 
  3. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  4. «Wulfsbergs gate – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 9. september 2020 
  5. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  6. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 10. september 2020 
  7. «Moss 1893 Vannforsyning», www.mosshistorielag.no, henta 9. september 2020 
  8. «Bybranner – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 9. september 2020 
  9. «Basarbygningen – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 9. september 2020 
  10. «Moss Matrikkel 1868», www.mosshistorielag.no, henta 9. september 2020 
  11. «Moss Matrikkel 1884», www.mosshistorielag.no, henta 9. september 2020 
  12. «Se eiendom», seeiendom.kartverket.no, henta 9. september 2020 
  13. 13,0 13,1 «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  14. «Wulfsberg, Gregers Winther – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 9. september 2020 
  15. 15,0 15,1 «001 Anders Pedersen - 0118 Søndre Bjerg - 000 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1865 for 0104B Moss prestegjeld, Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  16. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  17. «001 Marthe Marie Pedersen - 02 - 0008 Wulfsbergs gade 1 - 004 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  18. 18,0 18,1 «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  19. «001 Ludvik Jansen - 0050 Akerheim - 002 Torderød - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0194 Moss herred - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 13. september 2020 
  20. 20,0 20,1 «001 Ludvik Jansen - 0050 Akerheim - 002 Torderød - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1910 for 0194 Moss herred - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  21. 21,0 21,1 «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  22. «001 Sverre Andersen - 001* - 755* Wulfsbergsgt. 14 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1930 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 13. september 2020 
  23. «001 Sverre Andersen - 001* - 755* Wulfsbergsgt. 14 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1930 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  24. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  25. «002 Dagny Aurora Andersen - 001* - 755* Wulfsbergsgt. 14 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1930 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  26. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020 
  27. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 9. september 2020