Wuzhi-fjellet
Utsjånad
| Wuzhi-fjellet | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Wuzhi-fjellet 18°53′58″N 109°42′17″E / 18.89942°N 109.70479°E | |||
| Wikimedia Commons: Wuzhi Mountain (Hainan) | |||
Wuzhi-fjellet, kinesisk Wuzhi Shan, er høgste fjellet i Hainan-provinsen i Folkerepublikken Kina. Fjellet når 1867 meter over havet og høyrer til Wuzhishan-distriktet, eit område der li-folket har vore i fleirtal.
Li-folket har fleire mytar om opphavet til namnet Wuzhi Shan, som tyder ‘Femfingerfjellet’. Ein legende seier at dei fem fjelltoppane er dei forsteina fingrane til ein av li-folket sine klanleiarar. Ei anna legende hevdar at kvar enkelt fjelltopp er vigd dei fem mektigaste gudane til li-folket. Mange dikt er skrive om fjellet, hainanaren Qiujun sitt er det mest siterte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wuzhi Mountain» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2024.
