Wuzong av Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wuzong av Tang
Tang Wuzong.jpg
Keisar av Kina
Fullt namn唐武宗, Tang Wuzhong
Fødd2. juli 814
FødestadChang'an
Død22. april 846
DødsstadChang'an
FøregangarWenzong
EtterfølgjarXuanzong
DynastiLi
FarMuzong av Tang
Mor韦贵妃 (唐穆宗)
BornLi Qi, Li Yi, Li Xian, Li Jun, Li Cuo, 壽春公主 (唐武宗), 延慶公主, 昌樂公主, 樂溫公主, 永寧公主, 長寧公主, 靖樂公主

Wuzong av Tang, eller Tang Wuzhong (2. juli 81422. april 846) var den 15. keisaren i Tang-dynastiet i Kina, frå 841 til 846. Ettertida hugsar han framfor alt for den sterke preferansen hans for taoismen og for forfølginga hans av andre trusretningar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av herskartida hans var innverknaden til evnukkane så sterk at det i røyndomen var dei som fatta dei praktiske politiske avgjerdene. Fleire av forgjengarane til Wuzhong var blitt tekne av dage nettopp av evnukkane. Men med hjelp av onkelen sin Xuanzong og av kanslaren Li Deyu klarte keisar Wuzong å få overtaket over evnukkane.

Wuzong, som sjølv var fanatisk i å føretrekka taoismen, utnytta ein militær siger over uigurane vest i keisarriket til å forby religionen deira, manikeismen. Etterpå følgde han på med forfølgingar av dei kristne assyrarane, og til sist tok han for seg hovudfienden, den etterkvart svært så utbreidde buddhismen.

Den store anti-buddhistiske forfylginga byrja i 842 med eit keisarleg edikt som forordna at uønskte personar, som trollmenn eller straffedømde, skulle reinskast ut frå rekkene til buddhistmunkane og -nonnene og tvingast tilbake til lekstanden. I tillegg måtte alle munkar og nonner som ynskte å halda på formuane sine venda tilbake til lekstanden og byrja å betala skatt.[1] Keisaren meinte at buddhismen var ein belastning på statsfinansane. Han rekna alle buddhistiske munkar og nonner som uproduktive samfunnslemmer som ikkje bidrog til skatteintektene. Ønsket hans om å slå ned på buddhismen hadde òg næring frå hans eigne sterke taoisme og den store tillita hans til taoistmunken Zhao Guizhen (趙歸真).

Etter dei første tiltaka, som ikkje møtte allverdas motbør blant allmugen, følgde det snart fleire og meir djuptgåande tiltak. Tempel blei øydelagde og rikdommane deira blei konfiskerte av keisaren, som på den måten kunne bøta på den alvorlege finansielle knipa han var hamna i. Rundt 4 600 tempel og 40 000 mindre heilagdommar blei øydelagde, og 260 500 munkar og nonner fordrivne frå klostera.[2] Eit framtredande offer for forfylginga var den japanske tendaimunken Ennin, som blei forvist frå landet.

Keisaren la likevel ikkje ned eit absolutt forbod mot den buddhistiske kulten; denne fekk halda fram med vesentlege innskrenkingar. Zoroastrismen og manikeismen klarte han likevel å knusa, og forfylginga av nestorianismen gav kristendomnen i Kina ein knekk som han aldri skulle koma seg frå.

Keisar Wuzong gjorde samstundes mykje for å reisa statusen til taoismen gjennom nye religionsregulativ og ved å få bygd eit viktig taoistisk tempel i det keisarlege hoffområdet, «Tempelet for skodet av dei udøyelege».

Wuzong døydde i 846, berre 36 år gammal. Kanskje var det livseliksirane han tok til seg som tok livet av han. Det er òg mogleg at einkvan forgifta han.

Onkelen hans Xuanzong overtok som keisar, og noko av det fyrste han gjorde var å innstilla buddhistforfylgingane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Philip, s. 123.
  2. Buddhism. (2009). I Encyclopædia Britannica. Henta 26. november 2009 - Encyclopædia Britannica Online Library Edition