X Window System
Hopp til navigering
Hopp til søk
| X Window System | |
| | |
| Utviklar | X.Org Foundation |
|---|---|
| Oppretta | 1982 |
| Nyaste versjon | 7.7 |
| Utgjeve | 6. juni 2012 |
| Operativsystem | UNIX, Linux, Mac OS X, OpenVMS |
| Programmeringsspråk | C |
| Sjanger | Brukargrensesnitt |
| Lisens | MIT Licence |
| Nettstad | x.org |
X Window System, òg kalla X Window, eller berre X, er systemprogramvare som realiserer grunnleggande funksjonalitet for det grafiske brukargrensesnittet på Unix-liknande operativsystem. Det har òg ein innebygd nettverksprotokoll og kan nyttast over eit nettverk. X Window fungerer som eit maskinvareabstraksjonslag som separerer funskjonalitet frå den underliggande maskinvaren, slik at programkoden kan skrivast utan å ta omsyn til den underliggande maskinvaren (hovudkort, grafikkort, etc.). På grunn av at den siste versjonen er v. 11, vert det av og til kalla X11. X Window System ligg på botnen av eit hierarki, med ein vindaugehandsamar på nivået over og eit skrivebordsmiljø over der igjen.