X av Klaus Schulze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
X
Studioalbum av Klaus Schulze
Utgjeve September 1978
Innspelt 1978
Sjanger Elektronisk musikk, klassisk
Lengd 137:56 (original)
159:28 (nyutgjeving)
Selskap Brain
Produsent Klaus Schulze
Klaus Schulze-kronologi 
Body Love
Vol. 2

(1977)
X Dune
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

X er det tiande albumet av Klaus Schulze. Det vart først gjeve ut i 1978 og på ny i 2005 med bonusspor.

Albumet er eit konseptalbum som består av seks «musikalske biografiar» av personar som inspirerte Schulze: Friedrich Nietzsche, Georg Trakl, Frank Herbert, Friedemann Bach, Ludwig II av Bayern og Heinrich von Kleist. Verka er frå den klassiske perioden i Berlinskulen.

På to av spora, «Friedemann Bach» og «Ludwig II. von Bayern» (i tillegg til dei første minutta av «Heinrich von Kleist») brukte Schulze berre eit styrkeorkester og lagde bandsløyfer av opptaka. Han hadde gjort det same i 1972 på det første soloalbumet sitt, Irrlicht, men denne gongen filtrerte han ikkje orkesteret på same måte. Blandinga av klassisk musikk og utanomjordisk elektroniske lydar har gjeve X ein langt meir organisk stil enn noko av Schulze sine samtidige dreiv.

«Objet d'Louis», bonusspor på 2005-utgåva, er ein konsertversjon av «Ludwig II. von Bayern».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk 1

Alle songar er skrivne av Klaus Schulze.

Nr.TittelLengd
1.«Friedrich Nietzsche»24:50
2.«Georg Trakl»26:04
3.«Frank Herbert»10:51
4.«Friedemann Bach»18:00

Disk 2

Nr.TittelLengd
1.«Ludwig II. von Bayern»28:39
2.«Heinrich von Kleist»29:32
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
3.«Objet d'Louis»21:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Klaus Schulze – Elektroniske instrument, perkusjon (på «Friedemann Bach» og «Heinrich von Kleist»)
  • Harald Grosskopf – trommer
  • Wolfgang Tiepold – cello (på «Heinrich von Kleist»), dirigent (på «Ludwig II. von Bayern» og «Objet d'Louis»)
  • B. Dragic – solo fiolin (on «Friedemann Bach»)
  • Lite strykeorkester frå Orchester des Hessischen Rundfunks (på «Ludwig II. von Bayern»)
  • Stort strykeorkester av unge belgiske musikarar (på «Objet d'Louis»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • X på den offisielle nettsida til Klaus Schulze
  • XDiscogs (liste over utgjevingar)