Vasskraft-prosjektet Xe-Pian Xe-Namnoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Champasak-fylket (raudt) i Laos
Attapeu-fylket (raudt) i Laos

Vasskraft-prosjektet Xe-Pian Xe-Namnoy er eit prosjekt for å bygga eit vasskraftverk i Laos knytt til elvane Xe-Pian og Xe-Namnoi (eller Xe Namnoy). Anlegget ligg delvis i Champasak-fylket og delvis i Attapeu-fylket; demningane ligg i Champasak.[1]

Byggherren er aksjeselskapet Xe-Pian Xe-Namnoy Power.[1] Prosjektet skal produsera 480 Megawatt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga starta i februar 2013. 23. juli 2018 braut ei av demningene i anlegget saman med tap av fleire menneskeliv.[2]

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Demningar i anlegget:

  • Xe-Namnoi-demninga: – 73,7 m høgd, 1600 m lengd, 522 km2 nedslagsfelt; volum på vassmagasinet er 1,043 milliardar kubikkmeter (type: steinfyllingsdam (Clay Core Rock Fill Dam)[3])
  • Xe-Pian-demninga: 48 m høgd, 1307 m lengd, 217 km2 nedslagsfelt, 28,72 millionar kubikkmeter vassmagasin-volum (type: steinfyllingsdam kombinert med gravitasjonsdemning i betong[3])
  • Houay Makchanh-demninga: 81 km2 nedslagsfelt,[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Project In Brief». pnpclaos.com. Henta 24. juli 2018. 
  2. McGuinness, A. (24. juli 2018). «Laos dam collapse leaves hundreds missing and unknown number feared dead». Sky News. Arkivert frå originalen 24. juli 2018. Henta 24. juli 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Technical Information». pnpclaos.com. Henta 24. juli 2018.