Xenoturbella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xenoturbella
Vitskapleg namn
Xenoturbella
Utbreiing
Habitat: Havet
Systematikk
Rike: Animalia
Eumetazoa
Bilateria
Rekkje: Xenoturbellida
Familie: Xenoturbellidae
Slekt: Xenoturbella

Xenoturbella er ei biologisk slekt av havlevande tosidig symmetriske dyr som kan minna om ormar. Den fyrste arten i slekta vart oppdaga i 1915, men ho vart fyrst skildra vitskapleg i 1949.[1] To artar er kjende frå vestkysten av Sverige, og i 2016 vart fire nye artar oppdaga i Stillehavet.

Observerte artar i Stillehavet er rosa eller lilla på let og avlange i forma, og vart difor kalla for «lilla sokkar» av forskarane som fann dei. Per februar 2016 er det ikkje kjend korleis artar i Xenoturbella et.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Artar kjende frå Sverige:

  • Xenoturbella bocki
  • Xenoturbella westbladi

Artar kjende frå Stillehavet:

  • Xenoturbella monstrosa
  • Xenoturbella hollandorum
  • Xenoturbella profunda
  • Xenoturbella churro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Westblad, E (1949) Xenoturbella bocki n. g., n. sp., a peculiar, primitive Turbellarian type. Arkiv för Zoologi 1:3-29