Xianzong av Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Xianzong av Tang
Tang Xianzong.jpg
Keisar av Kina
Regjeringstid806-820
Tradisjonell kinesisk唐憲宗
Forenkla kinesisk唐宪宗
Fødd778
Død820
DødsstadXi'an
FøregangarShunzong
EtterfølgjarMuzong
Gift medkeisarmor Guo, Dowager Zheng, Meiren, of the Ji clan, Guo Shi(Wife of Li Chun)
DynastiLi
FarShunzong av Tang
MorDowager Wang
BornMuzong av Tang, Keiser Xuānzong av Tang, Li Wu, Princess Yong'an, Li Ke, Li Ning, Li ?, Li Kui, Li Xin, Li Xun, Li Xie, Li Yue, Li Cong, Li Ti, Li Yun, Li Zhui, Li Yin, Li Jing, Li Dan, Li Tan, Li Yi, Li Shi(Daughter of Li Chun), Princess Yining, Princess Taihe, Li Shi(Daughter of Li Chun), Princess Xuancheng, Princess Pukang, Li Shi(Daughter of Li Chun), Princess Yongjia, Princess Yongshun, Princess Qiyang Zhuangshu, Princess Nankang, Princess Zhenning, Li Shi(Daughter of Li Chun), Princess Hengyang, Princess Gui, Li Mou, Li Shi(Daughter of Li Chun), Li Mou, Li Shi(Daughter of Li Chun), Li Shi(Daughter of Li Chun), Li Shi(Daughter of Li Chun), Li Shi(Daughter of Li Chun)

Xianzong av Tang eller Tang Xianzong (77814. februar 820) var keisar i Tang-dynastiet i Kina, frå 806 til 820.

Han er rekna som den mest betydelege av keisarane i den seinare delen av Tang-perioden.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tang Xianzong var fødd i Det austlege palasset i Chang'an som son av prins Li Song, og hadde fødenamnet prins Li Chun. Bestefar hans, keisar Tang Dezong, hadde i si regjeringstid forgjeves freista å få kontroll over dei de facto sjølvstendige militærguvernørane i dei nordaustlege delane av Kina. Dei hadde fått denne høge graden av sjølvstende som følgje av An Lushan-opprøret. Men den notoriske pengemangelen til det seine Tangdynastiet hindra vidare framgang, slik at ein måtte godta stoda i desse områda.

Mot slutten av regjeringstida vann yndlingane til keisar Dezong, særleg mange evnukkar, ein sterk innverknad over statsstellet. Mot dette oppstod det ein opposisjon som flokka seg kring far til Li Chuns, Li Song. Denne reformkonfutsianske rørsla kravde ei omfattande forfatningsreform for å få slutt på den endelause kompetansekrangelen mellom yndlingane til keisaren og det regulære hoffbyråkratiet.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

Etter Dezong kunne Li Song regjera som keisar Tang Shunzong i åtte månader, fram til han sjølv døydde av sjukdom. Kronprins Li Chun blei no ny keisar, med namnet Xianzong. Noko av det første han gjorde, var å forvisa leiarane av reformpartiet. Blant dei var framståande lærde embedsmenn som Liu Zongyuan og Li Yuxi.

Den utanrikspolitiske stoda ved byrjinga av Xiangzong si regjeringstid var gunstig. Tibetanarane, som det hadde vore strid mot i 750-åra, var no nærast omringa i og med kinesarane sine alliansar med uigurane og kongeriket Nanchao, slik at dei ikkje lenger var i stand til å føra nokre større felttog mot Keisar-Kina. Xianzong utnytta situasjonen til å konsentrera seg om problemet med militærguvernørane i provinsane. I 806 nekta han å anerkjenna den nye guvernøren av Vest-Sichuan, Liu Pi, og overvann han mot slutten av året med ein hær som for det meste stod under kommandoen til evnukkar. Nokre månader seinare byrja krigen mot guvernøren av Zhexi, Li Qi, som hadde vegra seg mot å koma til hovudstaden. Også her oppnådde keisaren ein rask siger. Li Qi blei offer for ein intrige blant sine eigne tilhengarar.

I åra frå 810 til 814 gjennomførte Xianzong ei rekkje fiskalreformer for å styrkja finanskrafta til hoffet. I 812 underkasta den nye guvernøren av Weibo seg keisaren frivillig. Dei påfølgjande åra såg kamper i Hebei og Huaixi. Desse stridane drog ut, og var ei stor påkjenning for statskassa. Først i 818 var alle festningar langs det øvre løpet av Huaielva erobra. I 819 blei Shandong erobra, og samstundes kom ein til ein minneleg avtale med krigsherren av Hebei.

Den reformkonfutsianske høglærde Han Yu beundra keisar Xianzong for einingsarbeidet hans, og gav han tilnamnet den oppstigande sola i Austen.

Allereie under Xianzong sin etterfølgjar Muzong byrja det å knaka i sammenføyningane til riket. Denne tendensen skulle berre styrka seg i tiåra framover.

Referansar[endre | endre wikiteksten]