Xiaogan
Utsjånad
Xiaogan (kinesisk: 孝感; pinyin: Xiàogǎn) er eit byprefektur i den nordaustlege delen av provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 8 910 km² og om lag 4,8 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Xiaogan omfattar eitt distrikt (区 qū), tre byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing sør til Shenzhen, og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou. Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i provinsen Jiangxi og Wuhan i provinsen Hubei til Lanzhou i Gansu.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Xiaogan» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2012.