Xu Demei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Xu Demei
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 23. mai 1967
Zhejiang
Idrett friidrett
Yrke spydkaster

Xu Demei (fødd 23. mai 1967) er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1991 vart verdsmeister i spjutkasting under verdsmeisterskapen i Tokyo.

Xu kom på andreplassen i spjuttevlinga både ved asiameisterskapen 1989 og asialeikane 1990. I 1990 sette ho elles personleg rekord med eit kast på 68,30 m. Året etter kvalifiserte ho seg til VM-finalen i Tokyo, der ho i den fyrste omgangen smelte til med 68,78 meter, hennar livs lengste kast. Ingen av dei av dei andre finalistane klarte å overgå dette kastet, sjølv om verdsrekordhaldaren Petra Meier kom svært nær med sitt bestekast på 68,68 meter.

Under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona nådde Xu 59,98 meter i kvalifiseringa, ein knapp halvmeter for kort til finaleplass, ho enda dermed på 14. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]