Strandzja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yıldızfjella)
Utsyn frå Papija (502 m) i den bulgarske delen av Strandzja.
Landskap i den bulgarske delen av Strandzja

Strandzja (bulgarsk Странджа, òg skrive Strandja og Stranja; tyrkisk Yıldız Dağları eller Istranca) er eit fjellmassiv i søraustlege område av Bulgaria og den europeiske delen av Tyrkia, eller den søraustlege delen av Balkan mellom slettene i Thrakia i vest, låglandet nær Burgas i nord, og Svartehavet i aust. Den høgaste toppen er Mahya Dağ (bulgarsk Махиада, Mahiada) (1 031 m) i Tyrkia, medan det høgaste punktet i den bulgarske delen er Goljamo Gradisjte (710 m). Det totale arealet av massivet er om lag 10 000 km².[1]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i området er i stor grad påverka av Svartehavet, og er stort sett fuktig kontinentalklima i fjellene og fuktig subtropisk klima ved kysten. Store elvar i området er Veleka (147 km) og grenseelva Rezovska (112 km). Strandzja naturpark, som vart oppretta i 1995 i den bulgarske delen av fjellet, er det største verna området i Bulgaria med 1 161 km², eller om lag 1 % av den totale flatevidda i Bulgaria. Ein kan sjå om lag 50 % av plantelivet i Bulgaria i denne parken.

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Området var folkesett av thrakarar i antikken og inneheld i dag mange ruinar av thrakiske heilagdomar og offeralter, steindysser og andre arkeologiske lekamar.

Fjella var åstad for det bulgarske Ilinden-Perobrazjenie opprøret i 1903, som vart knust av ottomanske troppar. Den noverande grensa mellom Bulgaria og Tyrkia vart oppretta etter Balkankrigane i 1912-1913, då nordlege delar av Stradzja vart ein del av Bulgaria.

Kulturelt er den bulgarske delen av Stradzja kjend for ein spesiell arkitektur som ein kan sjå i Malko Tarnovo, Brasjljan og dei fleste andre landsbyar, med rike folkeminne og særprega ritual, slik som nestinarstvo (berrføtt dansing på glødande kol), som har mange heidenske element.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]