Yad HaShmona
Utsjånad
| Yad Hashmona | |||
| moshav | |||
Trehytte ved Yad HaShmona gjestgjevari | |||
| Namneopphav: Minnet over dei åtte | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Jerusalemkorridoren | ||
| Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
| Kommune | Mateh Yehuda | ||
| Koordinatar | 31°48′37.08″N 35°5′20.39″E / 31.8103000°N 35.0889972°E | ||
| Folketal | 131 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1971 | ||
| • Grunnlagd av | Finske pionerar | ||
| Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
![]() Yad HaShmona 31°48′37″N 35°05′20″E / 31.8103°N 35.088997222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Yad HaShmona | |||
Yad Hashmona (hebraisk יַד הַשְּׁמוֹנָה) er ein liten moshav shitufi sentralt i Israel, i Judeafjella nær Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Yad Hashmona vart grunnlagd i 1971 av ei gruppe finske kristne.[1] Han er kalla opp etter åte jødiske flyktningar frå Austerrike som rømde frå Finland i 1938. Den finske regjeringa, som samarbeidde med nazistane, hadde gjeve flyktningane over til Gestapo i 1942. Sju av dei døydde i Auschwitz.[2] I 1978 slutta ei gruppe messianske jødar seg til moshaven. Dei fleste innbyggjarane er i dag israelarar og det vanlegaste språket er hebraisk.[1] Via ekteskap med israelske jødar har moshaven vorte eit senter for messianske jødar i Israel.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yad HaShmona» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 History of Yad Hashmona, arkivert frå originalen 18. oktober 2014, henta 12. oktober 2014
- ↑ The Name Arkivert 2014-08-01 ved Wayback Machine. Yad Hashmona


