Yakum
| Yakum | |||
| יָקוּם | |||
| kibbutz | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Hof HaSharon | ||
| Distrikt | Sentral | ||
| Koordinatar | 32°14′51″N 34°50′33″E / 32.24750°N 34.84250°E | ||
| Folketal | 709 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1938 | ||
| • Grunnlagd av | tyske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Yakum 32°14′51″N 34°50′33″E / 32.2475°N 34.8425°E | |||
| Wikimedia Commons: Yakum | |||
Yakum (hebraisk skrift יָקוּם, tyder «Han skal stå opp») er ein kibbutz sentralt i Israel, sør for Netanya. Han høyrer til Hof HaSharon regionale kommune og hadde eit folketal på 555 i 2006.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Yakum ligg sentralt på kyststripa til Israel, kring 30 km frå Tel Aviv, og berre 5 km frå dei sørlege forstadane til Netanya.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1934 vart ei gruppe unge tyske immigrantar samla i kibbutzen Ein Harod for å danna kjernen i ein ny kibbutz. I 1938 vart Yakum grunnlagd som kibbutz Eretz-Israel Dalet i byen Hadera.[1] Kibbutzen fekk ikkje tildelt land før i 1947, då eit område nær Wadi Falik vart utpeikt for kibbutzen. I ventetida kom fleire medlemmar til gruppa frå Tyskland, Ungarn og Polen, og dei vart sende til å arbeide i allereie etablerte busetjingar i Galilea, som Yavne'el.
I 1947 flytta kibbutzen endeleg til den noverande plasseringa og fekk namnet Yakum. Medlemmane var ikkje nøgde med namnet dei hadde fått, og søkte til komiteen om å byte, men vart avslått.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yakum» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Some Historie[daud lenkje] Yakum
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)


