Yale University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 41°18′39.546″N 72°55′38.086″W

Yale University
Yale Law School in the Sterling Law Building.jpg
Grunnlagt1701
TypeUniversitet
RektorPeter Salovey
StadNew Haven
Studentar11 420
Tilsette1 560
Nettstadwww.yale.edu

Yale University (YU) er eit privat universitet i New Haven i Connecticut. Det blei grunnlagt i 1701 og er USA sin tredje eldste institusjon for høgare utdanning. Yale har andreplassen i verda på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]

Harknesss Tower ved Yale.

Skulen, som først låg i Old Saybrook, heitte opphavleg the Collegiate School, men endra namn i 1718 til ære for Elihu Yale som hadde gitt store gåver til universitetet. Det er medlem av samanslutninga Ivy League.

Etter Harvard University har Yale det største pengefondet av alle utdanningsinstitusjonane i verda. Det er verdt 22,5 milliardar dollar.

Biblioteka ved Yale University har 12,025 millionar titlar, og er med det det fjerde største biblioteket i USA (2006).[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Times - THES QS Top Universities, 201-300.
  2. American Library Association, The World Almanac side 404.
Spire Denne utdanningsartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.