Jyalí

Koordinatar: 36°40′N 27°07′E / 36.667°N 27.117°E / 36.667; 27.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yali)
Jyalí is located in Hellas
Plasseringa til Jyalí

Jyalí (gresk Γυαλί, som tyder «glas»), og kalla Yiali eller Yali er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg midt mellom sørkysten av Kos og Nísyros. Øya består av av lavadomar av rhyolittisk obsidian og pimpstein. Den nordlege delen består nesten berre av obsidian, medan den sørvestlege delen består av pimpstein. Desse er forbunde med eit smalt eid.

Øya er 6 km lang og mellom 4 km og 500 meter brei, og har mellom anna ei 180 meter lang grotte. Jyalí høyrer til Nísyros kommune og har 21 innbyggjarar (2011).[1]

Pimpstein på Jyalí

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


36°40′N 27°07′E / 36.667°N 27.117°E / 36.667; 27.117