Yanar Dağ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 40°30′6.6″N 49°53′28.51″E
Yanar Dag
åsside
Yanar Dagh.JPG
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Stad Absjeronhalvøya
 - koordinatar 40°30′6.6″N 49°53′28.51″E
Azerbaijan adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Yanar Dag

Yanar Dağ (aserbajdsjansk for «Eldfjellet») er ein naturgassbrann i ei åsside på Absjeronhalvøya ved Kaspihavet nær Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan, som i seg sjølv er kjend som «eldlandet». Flammane stig tre meter opp i lufta frå eit tynt, porøst sandsteinlag. Bilete av Yanar Dag og slamvulkanane[1][2] syner skilnaden mellom denne utsivinga og dei «sedimentære vulkanane» eller «gass-olje-vulkanane», som ligg under land og sjø i den kaspiske regionen. Aserbajdsjan har den største konsentrasjonen av slike slamvulkanar i verda, sjølv om andre finst i Tyrkia, Turkmenistan og andre stader òg.[3][4]

Nærbilete av gassen flammane ved Yanar Dagh

Yanar Dag er òg kjend med namna «pilpila», «bozdagh», «ahtarma» og «gaynarja». I motsetnad til slamvulkanane brenn flammane i Yanar Dag ganske jamt, og kjem av gass som siv ut frå underjorda. Det er hevda at flammane i Yanar Dag vart tent ved eit uhell av ein gjetar i 1950-åra.[5] Det er ikkje noko gjørme eller væske som siv ut av berget, slik det gjer frå nærliggande slamvulkanar.

I området kring flammane er lufta fylt av lukta av gass. Små bekkar i nærleiken av Yanar Dag kan setjast fyr på med ei fyrstikk. Desse bekkane, som elles verkar rolege, vert kalla Yanar Bulaq - «brennande kjelder».

Alexander Dumas, som vitja området, skildra ein liknande eld han såg i regionen i eit av parsisme-templa kring elden. Berre nokre få slike eldfjell finst i verda i dag, og dei fleste av dei er i Aserbajdsjan. Slike naturlege flammar har vore kjend i området sidan antikken og vart omtalt av historiske forfattarar som Marco Polo.[3]

Yanar Dag og månen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Geology Institute of the Azerbaijan Academy of Sciences
  2. «Mud volcanism». 
  3. 3,0 3,1 Kleveman, Lutz (2003). The new great game: blood and oil in Central Asia. Atlantic Monthly Press. s. 15. ISBN 0871139065. Henta 17. april 2012. 
  4. «Mud Volcanoes:Land of fire». Azerbaijan International. Henta 17. april 2012. 
  5. Mark Elliot. «Azerbaijan with Georgia».