Yang Wei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yang Wei

Yang Wei.JPG

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 8. februar 1980 (41 år)
Xiantao
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Asialeikene 1998, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, Turn under Sommer-OL 2008 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2008 – Ringer menn

Yang Wei (fødd 8. februar 1980) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao som vart verdsmeister i 2006 og 2007 og olympisk meister i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wei deltok i dei olympiske leikane i 2000, 2004 og 2008. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vart han andremann i mangekampen, russaren Aleksej Nemov vart olympiameister. Fire år seinare enda Yang på sjuandeplassen i mangekampen, før han i 2008 på kinesisk heimegrunn vart olympisk meister. Både i Sydney i 2000 og i Beijing i 2008 var Wei med om å vinne gull for Kina i lagkampen. Ved leikane i Beijing sikra han seg også ein sølvmedalje i ringar.

Yang Wei under Sommar-OL 2008

Wei vart verdsmeister i turning i Århus i 2006 og i Stuttgart året etter. Med Kinas landslag fekk han VM-gull i 1999, 2003, 2006 og 2007. Dessutan har han vunne VM-gull i skranke i 2006. I 2003 kom Wei på andreplass i mangekamp under verdsmeisterskapen i Anaheim. Til medaljesamlinga høyrer to VM-bronsar i enkeltapparat, den eine frå 1999 i svingstang og den andre frå 2003 i hopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]