Hopp til innhald

Yangjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byprefekturet Yangjiang (gul) i Guangdong

Yangjiang (kinesisk: 阳江; pinyin: Yángjiāng) er eit byprefektur sørvest i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 7 813 km² og eit folketal på ca 2,63 millionar (2004). Byprefekturet Yangjiang består av eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Yangjiang er særleg kjent for sin knivproduksjon, seksti prosent av alle knivar vert laga i Yangjiang og åtti prosent av eksporten. Økonomien elles er basert på produksjon av lakk, dyrking av soyabønner og av fiskeri. Produksjonen av drakar er ein tradisjon i prefekturet som går tilbake til 600-talet.

Yangjiang kjernekraftverk har sidan desember 2008 vore under byggjing i Dongping i Yangdong fylke i byprefekturet. Kjernekraftverkprosjektet, det største i Kina med ein planlagd effekt på 2000 MW, skal etter planen stå ferdig i august 2013.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 325 går gjennom området. Han fører vestover frå Guangzhou i Guangdong til Nanning i den autonome regionen Guangxi.