Yankov Gap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°36′28″S 60°09′48″W
Yankov Gap
fjellovergang
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Grensar til Melnik Ridge, Bowles Ridge
Stad Livingston Island
 - høgd 575 moh.
 - koordinatar 62°36′28″S 60°09′48″W
Administrert under Antarktistraktaten

Yankov Gap
62°36′28″ S 60°9′48″ W
Yankov Gap is located in Antarktis
Yankov Gap (Antarktis)

Yankov Gap (Jankova Sedlovina) er eit isdekt skard mellom Melnik Ridge og Bowles Ridge aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Skardet har ei høgd på 575 moh og strekkjer seg 1 km frå nord til sør frå Samokov Knoll i Melnik Ridge til Asparuh Peak i Bowles Ridge. Yankov Gap er ein del av isskilje mellom Kaliakrabreen i vest og Strumabreen i aust.

Skardet vart først kryssa av bulgararane Ljubomir Ivanov og Doytsjin Vasilev frå Camp Academia den 28. desember 2004. Det er kalla opp etter Jordan Jankov, ein radioteknikar ved St. Kliment Ohridski-basen fleire sesongar frå 1994.

Skardet ligg 1,99 km nordvest for Pirdop Gate, 1,78 km aust-nordaust for Omurtag Pass og 4,76 km søraust for Elhovo Gap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]