Yannis Tsaroukhis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yannis Tsaroukhis
Γιάννης Τσαρούχης.jpg
Fødd 13. januar 1910
Piraeus i Hellas
Død

20. juli 1989 (79 år)
Aten i Hellas

Yrke målar
Yannis Tsaroukhis på Commons

Yannis Tsaroukhis (13. januar 191020. juli 1989) var ein gresk målar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Pireus og studerte ved Kunstakademiet i Aten (1929–1935). Han gjekk i lære hos Photios Kontoglou, som introduserte han for bysantinsk ikonografi. I lag med Dimitris Pikionis, Kontoglou og Angeliki Hatzimichali leia han rørsla som innførte greske tradisjonar i måling.

Frå 1935 til 1936 vitja han Istanbul, Paris og Italia. Han kom i kontakt med renessansekunst og impresjonisme. Han oppdaga verka til Theophilos Hatzimihail og møtte kunstnarar som Henri Matisse og Alberto Giacometti.

Han kom attende til Hellas i 1936 og to år seinare sette han opp den første personlege kunstutstillinga si i Aten. Han kjempa seinare i den gresk-italienske krigen i 1940. I 1949 oppretta han og andre kunstnarar, som Nikos Hadjikyriakos-Ghikas, Yannis Moralis, Nikos Nikolaou, Nikos Engonopoulos og Panayiotis Tetsis, kunstgruppa «Armos». I 1951 heldt han utstillingar i Paris og London. Han flytta til Paris i 1967.

Han døydde i Aten i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]