Yanta i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°36′11″ N 35°56′39″ E
Yanta
landsby
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Rashaya distrikt
Høgd 1 540 moh.
Koordinatar 33°36′11″ N 35°56′39″ E
Areal 31,11 km²
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Yanta er ein landsby som ligg i Rashaya distrikt, sør i Beqaa guvernement i Libanon, 79 km frå Beirut. Han ligg nær den syriske grensa nord for Kfar Qouq.[1]

Landsbyen ligg kring 1540 meter over havet. Namnet vert hevda å tyde «Guds så» eller «Guds såmann» på semittisk, «kvit due» på gammalsyrisk og «høgd» på arabisk.[2] I 2001 og 2002 vart det gjort arkeologiske undersøkingar ved Kamid al lawz nær Yanta, der ein fann store mengder gammal gresk keramikk.[3]

Romersk tempel[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ruinar av eit imponerande stort romersk tempel i området, som ein trur vart bygd over eit semittisk tempel.[4][5] Ruinane ligg på kvar side av vegen og er spreidd, men somme steinar står framleis. Kring staden har ein funne spor etter gamle busetnader og graver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anīs Furaiḥa (1972). dictionary of the name of towns and villages in Lebanon. Maktabat Lubnān. Henta 17. mars 2011. 
  2. Qada' (Caza) Rachaya - Promenade Tourist Brochure, av The Lebanese Ministry of Turisme
  3. E. A. Myers (6. juli 2014). The Ituraeans and the romersk Near East: Reassessing the Sources. Cambridge University Press. s. 88–. ISBN 978-0-521-51887-1. Henta 24. april 2011. 
  4. Ivan Mannheim (1. juli 2001). Syria & Lebanon handbook: the travel guide. Footprint Travel Guides. s. 603–. ISBN 978-1-900949-90-3. Henta 24. april 2011. 
  5. George Taylor (1969). The Roman tempels of Lebanon: a pictorial guide, s. 22, 127, 130. Argonaut. Henta 24. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]