Yapesisk
Utsjånad
| Yapesisk | ||
| Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Sentralt austleg Austleg malayopolynesisk Oseanisk Yapesisk | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Yapesisktalande i alt | 6 600[1] | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | yap | |
| ISO 639-3 | yap | |
Yapesisk er eit oseanisk språk i den austronesiske språkfamilien som blir tala på øya Yap i Mikronesiaføderasjonen.
Språket er kjenneteikna av mange glottale lukkelydar. Dei finst i dei fleste ord som byrjar med vokal, mellom vokalar og i slutten av mange ord. I yapesisk ortografi har ein tradisjonelt ikkje markert denne lukkelyden, men i ei rettskriving frå 1970-talet der ein byrja skriva lange vokallydar med doble vokalar byrja ein markert denne lukkelyden med q for å unngå forvirring.
Språkdøme:[2]
| Norsk | Yapesisk |
|---|---|
| eg | g|aeg |
| du | guur |
| han/ho | qiir |
| me | gad|ow, gam|ow |
| de | gimeew |
| dei | yow |
| stein | malaaŋ |
| sand | yaan' |
| gras | paan |
| jord | buut' |
| ferskvatn | rawn |
| saltvatn | daay |
| fisk | niig |
| fugl | qarcheaq |
| ein | taqreeb |
| to | l'agruw |
| tre | dalip |
| fire | qanŋeeg, anngeeg |
| fem | lal' |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Language: Yapese ved Austronesian Basic Vocabulary Database. Fleire språkdøme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yapesisk» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Yapese language» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2012.
- Fotnotar